Vil nytte 400 millionar ekstra til fornying av jernbanen
Bane NOR vil etter avklaringar med Jernbanedirektoratet nytte 400 millionar ekstra til fornyingsarbeidet i 2017. Dermed vil over to milliardar kroner nyttast i 2017 til å betre standarden på jernbanenettet.
- Vi er veldig glade for at vi fikk til dette. Det tyder at vedlikehaldsetterslepet ikkje kjem til å auke og at dei reisande vil oppleve fortsatt betring av standarden på norsk jernbane, seier Gorm Frimannslund, konsernsjef i Bane NOR.
- Direktoratet har lagt til rette for at Bane NOR kan sjå heilskapeleg på avtalane og ntte midla på eit meist mogeleg effektivt sett, seier direktør for infrastrukturavtalar i Jernbanedirektoratet, Per Arne Fredriksen. I tillegg er ein del av avtalane fleirårige og i sum gjer dette at Bane NOR kan gjere nokre forskyvingar utan at dette får konsekvens for tidsfrister eller kostnadar. - Dette gjev mogelegheiter og er slik jernbanereforma er tenkt å verke, seier Fredriksen.
Fornyingsprosjekter er arbeider som i all hovudsak vert sett ut i entreprenørmarknaden. Fornyinge av jernbanen innebér å bringe banestrekningar opp til same standard som om dei er nye. Det er eit viktig grep for å betre punktlegheita og gjere banestrekningane meir robuste slik at dei mellom anna tåler vanskelege vértilhøve betre. Eksempel på større fornyingsarbeider kan vere ballastreins, dreneringsåtgjerder, og utskifting av kontaktleidningsanlegg.