Gods: Auke i konteinartrafikken i 2016
507 000 konteinarar vart sendt med tog i 2016. Det utgjer ei auke i trafikken på 3,7 prosent, syner tal frå NHO Logistikk og transport. - Det er særleg positivt at jernbanens- og togoperatørane si målretta satsing nå gir resultat, seier Roger Kormeseth som arbeider i Jernbanedirektoratet for å få meir godstrafikk på jernbane.
Transport av konteinarar mellom dei store byane i Norge er særleg konkurranseutsett. - Det er derfor veldig positivt at jernbanens- og togoperatørane si målretta satsing nå gir resultat i form av trafikkauke i dette segmentet. -Vi er godt i gang med eit stort løft for gods på bane, og det ligg klare forventningar om at denne positive utviklinga vil halde fram, seier Roger Kormeseth.
Kombinerte transportar
Mykje av godstrafikken med tog i Norge skjer i form av såkalla kombinerte transportar. Dette er tog som i hovudsak fraktar konteinarar og trailerhengjarar som enkelt kan lastast om frå bil til tog. Mellom landsdelane går det raske konteinartog som i stor grad fraktar daglegvarer og forbruksartiklar. Etter toppåret for slike transportar med tog i 2008, fekk trafikken ein kraftig knekk. Årsaka var både økonomiske nedgangstider og manglande regularitet på jernbanen. Det oppsto store og langvarige driftsavbrot på fleire av hovudstrekningane som følgje av både ras og andre naturhendingar, men óg som ei følgje av for lågt nivå på vedlikehaldet av jernbanen gjennom fleire år.
Kompensasjonsordning ved driftsavbrot
I 2016 blei det innført ei kompensasjonsordning som sikrar mot tap som følgje av innstillinger selskapa sjøl ikkje er årsak til. I tillegg er det nå oppretta beredskapsterminalar på hovudstrekningane slik at omlasting kan skje undervegs om det skjer større driftsavbrot.
I 2017 vert det óg utført utbyggjing av terminalen på Heggstadmoen ved Trondheim og åtgjerder for betre og meir effektiv drift på Alnabruterminalen i Oslo.