Vidare plan for konkurranseutsettjing av persontrafikken kunngjort
Vidare plan for konkurranse om togtrafikken kunngjort: Bergensbanen og Vossebanen vert den tredje trafikkpakka som lysast ut.
Jernbanedirektoratet har i dag kunngjort på den internasjonale TED databasen at vi startar opp konkurransen om trafikken på Bergens- og Vossebanen. Utsendinga av konkurransegrunnlag er planlagt i desember 2018 med siktemål om å inngå avtale med vinnande togselskap hausten 2019. Oppstart av trafikken med valgt togselskap vil skje frå desember 2020. Trafikkpakka omfattar både fjerntoga på Bergensbanen og region- og lokaltoga på Vossebanen.
Trafikken på Flåmsbana vil ikkje inngå i trafikkpakka ved denne utlysinga, da NSB har avtale med Flåm utvekling og ein konsesjon frå Jernbanedirektoratet for denne trafikken ut 2027. Avtala med Jernbanedirektoratet innebér óg at selskapet driftar vintertrafikken på Flåmsbana utan tilskot frå staten.
Kontaktpersonar:
- Direktør persontrafikkavtalar Dagfinn Berge, Jernbanedirektoratet, tlf. 952 28 231
- Kommunikasjonssjef Svein Horrisland, Jernbanedirektoratet, tlf. 916 55 155