Djupvik kryssingsspor teke i bruk på Ofotbanen

8. november vart det nye kryssingssporet på Djupvik mellom Narvik og Straumsnes stasjonar teke i bruk. Dette er viktig for kapasitet og punktlegheit på Ofotbanen.

Fra anleggsarbeidene ved Djupvik i sommer. Det nye sporet ligger i tunnel, mens den gamle linjen utenfor tunnelen er beholdt som kryssingsspor. (Foto: Bane NOR)
Dei seinare åra har alle mellomstasjonane på Ofotbanen (Bjørnfjell, Katterat, Rombak og Straumsnes) fått nye og lengre kryssingsspor. Djupvik er eit helt nytt kryssingsspor som aukar kapasiteten ytterlegere
Det nye kryssingssporet er 1060 meter langt, og ca. 830 meterligg  i ein ny, enkeltspora tunnel.  Dette blir heretter hovudspor, medan det gamle sporet ute i dagen vert 2 og nyttast ved kryssingar. Det nye kryssingssporet er tilrettelagt for samtidig innkøyring av 750 meter lange tog.

Ved tunnelpåhogget i aust er det bygd eit 30 meter langt rasoverbygg, og det er også byggd eit nytt stikkspor og lagerareal for Bane NOR si driftsavdeling. Dette gjev betre tilhøve for hensetting av materiell, samt av- og pålasting av pukk, skjenerr og sviller.
- Vi er godt nøgde med å kome i mål med det nye sporet i god tid før ruteendringa i desember, seier prosjektsjef Stein-Hugo Steffensen i Bane NOR i Narvik.- Internt hadde vi eit mål om å bli ferdige tidlegare på høusten, men nokre skjær i sjøen har det vore i innspurten. Derfor var det ekstra godt å sjå det fyrste toget passere gjenom den nye tunnelen nå, seier Steffensen.

Entreprenør for grunnarbeida har vore Leonhard Nilsen & Søner AS (LNS), medan Torpol Norge AS har kontrakta for dei jernbanetekniske arbeida. Det samla kostnadsoverslaget for prosjektet er på om lag 330 millioner kroner.
Malmtog ved Djupvik. Tunnelen for det nye kryssingssporet går nå inn til høgre før fossen i bakgrunnen på biletet. (Foto: Njål Svingheim)