Ulrikke er gjenom Ulriken

Tunnelboremaskinen Ulrikke kom tirsdag 29.august ut i dagen i Fløen i Bergen etter å ha bora ferdig den 7688 meter lange nye Ulrikstunnelen frå Arna. Dette er fyrste gong ein jernbanetunnel i Norge er bora med fullprofilboring, TBM.

 Gratulerte: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen gratulerte med gjenombrotet i Ulriken. (Foto: Øystein Grue)

I høve dagen hadde Bane NOR og entreprenøren Skanska Strabag lagt opp til ei markering av gjenombrotet. -Dette er ein stor dag og ei jernbanehistorisk begivenheit i Norge, seier prosjektsjef Hans-Egil Larsen i Bane NOR. – Vi har bora i det hardaste fjellet som nokon gong er bora i, og vi har fått sjå kva maskinane kan klare, seier Larsen. -Dette er viktige erfaringar for eventuelle framtidige TBM-prosjekt i Norge. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen gratulerte med gjenombrotet og varsla at det ville kome fleire anlegg på Bergensbanen framover.

Den nye tunnelen er enkeltspora og vil saman med den gamle tunnelen frå 1964 som går parallelt doble kapasiteten gjenom Ulriken. Når den nye tunnelen vert åpna for trafikk i 2020, skal den gamle tunnelen stengast i eitt år for oppgradering før strekninga Arna - Bergen kan åpnast for dobbeltspora drift i 2021. Prosjektet omfattar óg ombyggjing og oppgradering av Arna stasjon, dobbeltspor frå Bergen stasjon til Fløen og ei oppgradering av jernbanetekniske anlegg på Bergen stasjon.

Fakta om tunnelboremaskinen Ulrikke og tunneldrifta:

  •  Vekt: 1800 tonn
  • Lengde: 155 m
  • 12 elektriske motorar, totalt 4200 kW
  • Diameter: 9,33 m
  • Framdrift: i snitt 1,8 meter per time
  • Tunnelen si lengde: 7688 m, 6896 m er bora med TBM
  • 468 437 m3 berg er teke ut, tilsvarar 58 000 lastebillass
  • Beste døgnframdrift: 38 meter

Les meir om prosjektet: Bane NOR

 Stor dag: Prosjektleiar for tunnelen Katrine Erstad og prosjektsjef Hans - Egil Larsen feira Ulrikke sitt gjenombrot 29.august. (Foto: Øystein Grue)