Vil styrke grunnlaget for godstrafikken på Raumabanen

Jernbanedirektoratet set nå i gang eit arbeid for å styrke godstrafikken på Raumabanen. - Godsmengdene er der og nå skal vi sjå på korleis vi kan tryggje og leggje til rette for meir gods på jernbanestrekninga, seier jernbanedirektør Elisabeth Enger.

Fra venstre: Fylkesordfører i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), ordfører i Rauma Lars Olav Hunstad (H), jernbanedirektør Elisabeth Enger og Green Cargos Nathallia Sakovic i engasjert samtale om hvordan godstrafikken på Raumabanen kan trygges og økes. (Foto: Svein Horrisland)Frå venstre: Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), ordførar i Rauma Lars Olav Hunstad (H), jernbanedirektør Elisabeth Enger og Green Cargos Nathallia Sakovic i engasjert samtale om hvordan godstrafikken på Raumabanen kan trygges og økes. (Foto: Svein Horrisland)

Fra venstre: Fylkesordfører i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), ordfører i Rauma Lars Olav Hunstad (H), jernbanedirektør Elisabeth Enger og Green Cargos Nathallia Sakovic i engasjert samtale om hvordan godstrafikken på Raumabanen kan trygges og økes. (Foto: Svein Horrisland)

Denne veka møtte leiinga i Jernbanedirektoratet politikarar og næringsliv som sokner til Raumabanen på Åndalsnes. Bodskapen er at det nå vert sett i gang eit arbeid med ein eigen strategi for å tryggje og styrkje godstrafikken på Raumabanen.

Togselskapet Green Cargo køyrer godstoga på Raumabanen i dag. Det køyres eitt togpar og selskapet melder om stort sett fulle tog. Likevel har det gjennom fleire år herska ei utryggheit knytta til framtida for godstrafikken på banen. Green Cargo melder óg om en regularitet i denne trafikken som nå ligg på 98 prosent. Dei største godskundane på banen er Bring og Post Nord.

-Vi veit banen har eit potensiale for mykje større godstrafikk og at trailertrafikken på vegen gjennom Romsdalen er stor, seier Enger. Nå skal det lagast ein eigen strategi for å få meir gods over på banen og fremfor alt sikre godstrafikken framover. Det handlar om tilretteleggjing for både betre kommersielle tilhøve, om å betre infrastrukturen og om ruteplanmessige tilhøve. -Vi føler at initiativet vårt for Raumabanen blei veldig godt moteke av politikarar og næringsliv, seier ho.

Ei arbeidsgruppe med folk frå Jernbanedirektoratet, Bane NOR, togselskap og næringslivet skal frå mai til september lage ein strategi for godstrafikken på Raumabanen. Denne skal så innarbeidas i Jernbanedirektoratets handlingsprogram for jernbanen dei komannde åra. Handlingsprogrammet for jernbanen byggjer på Nasjonal transportplan og skal ut på høyring før årsskiftet.

Godstoget frå Åndalsnes passerer Otta. Eit elektrisk lok er her koblet på foran i toget frå Dombås og sørover. (Foto: Njål Svingheim)