Arna – Stanghelle: Planprogram ut på høyring

Statens vegvesen har saman med Bane NOR lagt planprogrammet for ny veg og bane frå Arna til Stanghelle ut på høyring. Veg og bane på strekninga planleggast som eit felles prosjekt med statlig plan.

 Både Vossebanen og E16 er særs rasutsett. Her i området ved Bogelia er det fleire rasoverbygg for Vossebanen. (Foto: Njål Svingheim)

Både E16 og Vossebanen er på delar av strekninga mellom Arna og Voss svært rasutsett. For å få ei tryggare ferdsle og samstundes auke kapasitet og framkome på strekninga skal det byggjast ny veg og bane. I gjeldande Nasjonal transportplanperiode er strekninga Arna – Stanghelle på 28 kilometer med. Det vert antyda ein mogeleg byggjestart for fyrste etappe i 2022.

For denne strekninga har Statens vegvesen saman med Bane NOR lagt planprogrammet ut på høyring fram til 6.juli 2018.

Lenker: