Flytter gods frå veg til bane og sjø

Papir og kartong frå Ranheim i Trondheim er nå flytta over fra vegtransport til tog og båt på den 2400 kilometer lange strekninga frå Trondheim til Wien. Transportane går med tog frå Trondheim til Drammen havn.

Containerne sendes med Green cargos tog fra Trondheim til Drammen der de løftes direkte over på skip til Rotterdam før det igjen venter jernbanetransport til Wien. (Foto: Drammen havn) 

Det er speditøren Greencarrier, togselskapet Green Cargo og redieriet Unifeeder som har inngått avtalen med Ranheim Paper & Board. Transportane er flytta direkte frå jernbane til båt på Drammen Havn som også har vore sterkt delaktig i arbeidet med å få transportane over på tog og båt.

Avtalen innebér transport av papir frå Trondheim, via Drammen havn og Rotterdam havn, til Wien i Østerrike på jernbane og båt i staden for lastebil. Assisterande havnedirektør ved Drammen havn, Ivar Vannebo, opplyser at ein gjennom den nye avtalen reduserar bruken av lastebil, frå papirfabrikken på Ranheim til trykkeriet i Wien, frå 2400 kilometer til berre 24 kilometer. Transportavtalen omfattar frakt av om lag 15.000 tonn fordelt på 600 containarar årleg. Trond Ole Winther i Ranheim Paper & Board Ranheim seier bedriften ynskjer å bli meir miljøvenleg og ser ikkje bort frå at avtalen kan bli utvida. 

Illustrasjon som viser transportstrekningen. (Illustrasjon: Drammen Havn)