Jernbanen vert digitalisert

Norsk jernbane skal bli ein av dei fremste i verda på digitalisering. I løpet av våren har Bane NOR delt ut tre teknologikontraktar for det nye signalsystemet ERTMS på til saman 10 milliardar kroner.

(Illustriasjonsbilde: Brian Cliff Olguin)
Det er Siemens som har fått den absolutt største kontrakta – på til saman 7,5 milliardar kroner.  -Dette er ein av dei største teknologikontraktane i Norge, og det skjer på jernbanen. –  Vi opplever ein stor auke talet på reisande på jernbanen, og signalsystemet ERTMS vil gjere at enda fleire vil kunne stole på jernbanen som eit påliteleg transportmiddel, sa samferdselminsiter Ketil Solvik-Olsen.

Må fornyast

 – Behovet for fornying er drivkrafta bak ERTMS-prosjektet. Anlegga er installert frå femtitalet og utover. Deler og kompetanse er i ferd med å bli mangelvare. Totalt har vi i dag 336 anlegg og meir enn 15 ulike variantar, som med ERTMS i prinsippet skal kunne erstattast av eitt datarom, sa konserndirektør Sverre Kjenne, som leier Digitalisering og teknologidivisjonen i Bane NOR.

– ERTMS gir oss mellom anna anna auka tryggleik gjennom tekniske barrierer og kontinuerleg overvaking av alle tog, auka punkteigheit grunna færre feil og automatisk handtering av avvik. Over tid vil systemet dessutan gje auka kapasitet med automatisk køyring av tog samt dynamisk avstand mellom toga, framholdt Kjenne.

Les meir om digitalisering av jernbanen