Tildeling av kontrakt for trafikkpakke 1-sør skjer i oktober 2018

Tildelinga av kontrakten for togtrafikken på Sørlandsbanen vil skje i oktober i år. Jernbanedirektoratet treng noko meir tid for ein forsvarlig gjenomgang og vurdering av dei innkomne tilboda. Oppstarten med togtrafikken i pakke 1-sør vil dermed skje 15. desember 2019.

Lokaltog på Bryne stasjon, Jærbanen. (Foto: Njål Svingheim)

-Vi har fått inn mange og godt gjennomarbeidde tilbod frå selskap som vil drive togtrafikken på Sørlandsbanen, seier fungerande direktør for persontrafikkavtalar Svein Horrisland. Trafikkpakka omfattar både fjerntoga på strekninga Oslo – Kristiansand – Stavanger, lokaltoga på Jærbanen i Rogaland og regiontrafikken på Arendalsbanen. -For å sikre kvaliteten i arbeidet med å evaluere tilboda og lik handsaming av tilbodarane har vi behov for noko meir tid, seier Horrisland. Dette tyder óg at dagens trafikkavtale med NSB vert forlenga med eit halvt år.

Dette vil også få følgjer for konkurranseutsettinga av pakke 2 -nord som omfattar Nordlandsbanen, «Trønderbanen», Meråkerbanen, fjerntoga på Dovrebanen, Rørosbanen og Raumabanen. Denne pakka vil bli utsett med eit halvt år slik at tilbodsfristen blir i desember 2018, kontraktstildeling sommaren 2019 og trafikkstart i juni 2020. Planen for trafikkpakke 3 -Bergensbanen blir uendra med trafikkstart i desember 2020.

Konkurranseutsettinga vil da skje etter denne planen:

  • Trafikkpakke 1: tildeling i oktober 2018, trafikkstart i desember 2019
  • Trafikkpakke 2: innlevering av tilbod i desember 2018, tildeling sommaren 2019, oppstart juni 2020
  • Trafikkpakke 3: utsending av konkurransegrunnlag 1.kvartal 2019, tildeling av kontrakt desember 2019, oppstart desember 2020 (som planlagt)

  

Kontakperson for media: fg. dir. persontrafikkavtalar Svein Horrisland: 916 55155)