Ny jernbanedirektør på plass: -Dette blir spanande!

-Eg har gleda meg til denne dagen, seier jernbanedirektør Kirsti Slotsvik som starta i stillinga som jernbanedirektør frå 5.mars. Nå gir hun seg sjølv tre veker på å få ei oversikt over og å forstå det viktigaste. -Eg ikkje spesielt tålmodig, avslører ho.

Kirsti Slotsvik tok til som Jernbanedirektør 5.mars. (Foto: Øystein Grue)

Den nye jernbanedirektøren presenterte seg for dei tilsette i Jernbanedirektoratet mandag 5.mars. Nå ynskjer ho raskt å settje seg inn i det viktigaste og det mest strategiske av alt som går føre seg i Jernbanedirektoratet sitt ansvarsområde. –Innan påske bør eg ha forstått det meste av dei sentrale problemstillingane, legg ho til.

Det er en mange store oppgåver som skal gjennomførast av Jernbanedirektoratet den næraste tida. Blant desse er Handlingsprogrammet for Jernbanesektoren som skal ut på høring i april, og vurderinga av tilboda som har kome inn frå selskapa som ynskjer å drive togtrafikken på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen. Kven som får drive denne trafikken blir presentert i juni.