91% punktlegheit i 2017

Bane NOR sin punktlegheitsstatistikk syner at 91% av alle persontog var i rute ved ankomst endestasjonen i fjor. Dette er på same nivå som i 2016. Målsettinga er at minst 90% av toga skal vere i rute.

Mykje snø på Austlandet har skapt utfordringar for punktlegheita i starten på 2018. (Foto: Njål Svingheim)

 Bane NOR sin statistikk syner og at punktlegheitai rushtrafikken er i betring. I 2017 var punktlegheita i tidsrommet frå kl 07 – 09 og frå kl 15 – 17 på 86%, noko som er ei betring på 0,7%.

I godstrafikken var det og ei klar betring i punktlegheitstala. Samla sett var 80,2% av godstoga i rute i 2017, ein framgang på 1,4 %. Særleg er Bane NOR nøgd med at avgangspunktlegheita frå Alnabruterminalen i Oslo er merkbart betre. Det påverker trafikken over heile jernbanenettet.

Bane NOR presenterer samstundes ei kurve som syner samanhengjande punktlegheitsbetring sidan 2011 og syner til at den auka satsinga på vedlikehald gir gode resultat. Likevel var det i 2017 to svake månader, august og september, som syner at det framleis er utfordringar. Det same gjeld starten på 2018 som har vore langt under målsettinga. Ei viktig årsak her er mykje snø og vinterver.

Se også:

Fjerntoga vert rekna som i rute ved ankomst inntil 6 minutt etter rutetid, for lokal- og intercitytog er marginen inntil 4 minutt.

Diagram 2011 - 2017 (Bane NOR)