Vil utgreie Rovaniemi - Kirkenes vidare

Eit jernbanesamband mellom Finland og Nord-Norge kan gje store mogelegheiter for vekst og utvikling i nordområda. -Finnane har foreslått å lage ei arbeidsgruppe som skal vurdere dei neste stega for utgreiing av en jernbanesamband mellom Rovaniemi og Kirkenes, og vi ynskjer å bidra i denne gruppa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det er nå semje om at Rovaniemi - Kirkenes er det alternetivet det skal sjåast nærare på.

Det er det finske Trafikverket som har fått utarbeida rapporten om mogelege jernbanesamband frå Finland til isfri hamn i nord. - Vi ynskjer å halde fram og vidareutvikle finsk-norsk samarbeid, seier Solvik – Olsen. Fraånorsk side har Jernbanedirektoratet gjve bidrag i arbeidet og det er sett på fire ulike liner:

  • Kemi-Tornio-Kiruna-Narvik
  • Kolari-Skibotn-Tromsø
  • Rovaniemi/Kemijärvi-Kirkenes
  • Kemijärvi-Murmansk

På overordna nivå har ein mellom anna gått gjenom dei ulike korridorane sine kostnader, transportpotensial og bidrag til forsyningssikkerheit. På denne bakgrunnen ynskjer Finland å gå vidare med Rovaniemi-Kirkenes- alternativet.  

- Eit arktisk jernbanesamband er eit viktig europeisk prosjekt som styrker sambandet mellom Nord-Europa, Arktis og kontinentet, og vil vere viktig for konkurransekrafta for mange industriar i nordlege område. Eg har foreslått at vi skipar ei arbeidsgruppe som vil sjå nærare på vidare utrgreiing av korridoren mot Kirkenes, seier Finlands transport- og kommunikasjonsminister Anne Berner.  - Vi ynskjer å halde fram og vidareutvikle finsk-norsk samarbeid og vil difor delta i dette arbeidet vidare, sier Solvik – Olsen.

Konsekvenser for samar og naturområde

Ein jernbane fra Rovaniemi til Kirkenes vil samtidig ha store konsekvenser for samisk kultur, reinbeiting og verdifulle naturområder. For å ivareta samiske interesser, må Sametinget konsulteres om den videre oppfølgingen av rapporten og i eventuelle videre utredninger.

Lenker:

På norsk: Rapport Arctic Ocean Railway

In English: Report Arctic Ocean Railway