Stoppmønster på Sørlandsbanen

I samband med konkurranseutsettinga av persontrafikken på Sørlandsbanen er det frå ei rad kommunar blitt reist spørsmål ved om nokre stasjonar kan bli utan togstopp. Jernbanedirektoratet presiserer at ingen stasjonar på Sørlandsbanen skal leggjast ned som følgje av konkurranseutsettinga. Alle stasjonar som i dag har togstopp skal fortsatt betjenes.

Fjerntog på Sørlandsbanen på bru over Sauerelva mellom Nordagutu og Gvarv. (Foto: Njål Svingheim)
Eit viktig evalueringskriterium blir hvilken satsingsplan operatørane har for å skaffe fleire kundar , og Jernbanedirektoratet legg til grunn at togtilbodet på Sørlandsbanen skal vere minst like bra som i dag.

For å rydde all tvil om dette av veien er også konkurransegrunnlaget for Sørlandsbanen gjort tydelegare på dette punktet.

Følgjande stasjonar skal betjenes av alle fjerntog på Sørlandsbanen:

Oslo S

Marnardal

Lysaker

Storekvina

Asker

Sira

Drammen

Moi

Kongsberg

Egersund

Nordagutu

Bryne

Sandnes sentrum

Nelaug

Stavanger

Kristiansand

 

Lista er utvida med Nordagutu stasjon i høve til dagens trafikkavtale.

I tillegg er det stilt krav om at følgjande stasjonar også skal betjenes:

Lunde

Nodeland

Drangedal

Breland

Neslandsvatn

Audnedal

Gjerstad

Snartemo

Vegårshei

Gyland

Vennesla

Jåttåvågen

Desse stasjonane på Sørlandsbanen har heller ikkje i dag krav til fast stopp for alle tog, men i praksis er dette stort sett gjennomført.   

Det som er et nytt krav er at alle endringar i stoppmønsteret i høve til i dag skal godkjennast av Jernbanedirektoratet etter forutgåande dialog med den aktuelle fylkeskommunen.

Jernbanedirektoratet har nå presisert i konkurransegrunnlaget at Nordagutu stasjon skal ha stopp av alle tog. (Foto: Njål Svingheim)