Stor interesse for å drifte toga i sør

Jernbanedirektoratet har motteke tilbod frå fleire togselskap som ynskjer å vinne kontrakten for togtrafikken på Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen. Tilbodsfristen gjekk ut klokka 12.00 i dag. Av omsyn til konkurransen kommer ikkje Jernbanedirektoratet til å oppgje eksakt tal eller namn på dei som har gitt tilbod.

Jernbanedirektoratet starter nå arbeidet med å evaluere tilboda og sikter mot å kome med ei avgjerd i løpet av juni i år.  I evalueringa vil kvalitet telle 60 prosent og pris 40 prosent. Den leverandøren som blir valgt skal starte opp trafikken frå 9. juni 2019.

Illustrasjonsbilete. Frå Paradis stasjon på Sørlandsbanen.