Tallet på togreiser held fram med å auke

NSB melder at veksten i persontrafikken held fram. Etter årets første åtte månader hadde NSB 8,1 prosent fleire passasjerar enn i same periode i fjor. -At veksten helt fram år etter år er svært gledeleg, seier konserndirektør i NSB persontog, Arne Fosen.

Jærbanen hadde en trafikkvekst på nesten 30% i årets første åtte måneder. (Foto på Bryne st: Njål Svingheim)

NSB hadde 44, 5 millionar reiser i årets første åtte månader, noko som er heile 3,4 millionar fleire enn i same periode i fjor. NSB Gjøvikbanen hadde óg vekst og auka frå 980 000 til 1 032 000 passasjerar i perioden. 

-Dette strekar under at det er eit aukande behov for togtilbudet vårt og at sjølv om mykje arbeid på jernbanen tidvis påverker reisa, så er toget eit fortrukket transportmiddel som folk vender attende til, seier Fosen.

Konserndirektør i NSB Persontog, Arne Fosen. (Foto: Njål Svingheim)

 

 

 

 

 

 -Mange reisande tyder óg at det til tider er trangt om plassen ombord, særleg i rushtidene. -Det kjem stadig nye tog på skinnene og vi jobber for å nytte togsett og rutetider så optimalt som mogelegfor kundane våre, seier Arne Fosen.

-Det aller viktigaste for både kundane og oss er at toga kjem og går når de skal. Derfor er Bane NORs arbeider med ein betre infrastruktur heilt avgjerande, seier NSBs persontrafikkdirektør.