Travelt på viktig beredskapsterminal i Mosjøen

Lørdag 21.april gjekk eit større ras på Nordlandsbanen mellom Mosjøen og Drevvatn stasjonar. Ei heil jernbanefylling rasa ut etter mykje snøsmelting og nedbør. Inntil banen er bygd opp att på rasstaden må alle godstoga lastas og lossas i Mosjøen.

 Alle godstog på Nordlandsbanen lastast og lossast i Mosjøen medan banen er stengd mellom Mosjøen og Drevvatn stasjonar. (Foto: Njål Svingheim)

(Oppdatert: Nordlandsbanen blei gjenopna laurdag 28.april).

Som kjend er det etablert beredskapsterminalar for godstrafikken fleire stader på hovedstrekningane. I Mosjøen blei det etablert ein slik terminal for eit par sidan. I tillegg til å fungere som ordinær godsterminal er det óg lagt til rette for å kunne handtere større mengder gods ved driftsavvik. Denne veka er det på grunn av raset nord for Mosjøen uvanleg stor aktivitet på terminalen.

Bane NOR opplyser at arbeida med å byggje opp att rundt 8000 kubikkmeter jernbanefylling med sprengstein går etter planen og at dei rekner med å kunne opne banen att midt på dagen fredag.

Gjenom fleire år har det gått føre seg et større program med å forsterke Nordlandsbanen sine løsmassefyllingar. Dette arbeidet skal fortsatt halde fram i fleire år framover.

Persontrafikken går for øvrig med bussar frå Mosjøen til Mo i Rana medan banestrekningen er stengd.

Arbeidet med å bygge opp igjen jernbanefyllingen er godt i gang. (Foto: Bane NOR)

Nordlandsbanen har mange løsmassefyllinger og det pågår et program for å forsterke disse med bedre drenering og sprengstein. Her er en ferdig forsterket fylling sør for Mo i Rana. (Foto: Njål Svingheim)