Batteritog gjer elektrifisering langt rimelegare

Batteridrevne tog er nå sett i prøvedrift i fleire land og teknologien gjer utsleppsfri togtrafikk på alle strekninger langt rimelegare. Overslag for norske såkalla dieselstrekninger syner at det held å berre elektrifisere 25 – 30 % av desse banane for å få full elektrisk drift.

Slike tog kan gå på strøm fra både kontaktleidning og batteri. dei er nå sett i prøvedrift i vanlege togruter i Austerrike. (Foto: Njål Svingheim)

Årsaka er dei store framstega som batteriteknologien innebér. Tog har god plass til batteripakker om bord, og med stadig betre effekt frå batteria vil det vere nok å berre byggje kontaktleidning på 25 til 30 prosent av dei banane som framleis vert drevne med dieseltog. Norske Tog har i samråd med Jernbanedirektoratet tinga 14 bimodale Flirt-tog frå sveitsiske Stadler. Toga kan frå starten av køyre på både straum og diesel der dieselmotoren er plassert i ei lita mellomvogn, ein såkalla «powerpack». Denne vesle mellomvogna kan etter kvart i staden få montert inn batteripakkar som leverer straum til dei elektriske motorane som driv toget. Stadler har gjort utrekningar som syner at det vil vere nok å byggje kontaktleidning berre frå Levanger til Verdal og inne på Steinkjer stasjon for at heile Trønderbanen kan drivast elektrisk. Toga kan lade i full fart på dei avsnitta som har kontaktleidning.

Dette forutset at strekninga Trondheim – Stjørdal vert elektrifisert slik planane nå ligg føre.

Både stadler, Siemens og Bombardier kan levere slike tog.

Les meir om korleis «dieselstrekningane» kan bli utsleppsfrie i Jernbanemagasinet.

 

Frå 2021 får Norske tog levert 14 bimodale Flirt-tog som skal køyre på straum frå kontaktleidning og diesel der det ikkje er elektrifisert. Desse toga kan seinare få batteriar i staden for dieselmotor. (Illustrasjon: Jernbanedirektoratet)