Direktoratet skal evaluere sommarstengte baner

Jernbanedirektoratet skal nå greie ut om sommarstengte baner for vedlikehaldsarbeid kan forsvare ulempene ved desse stengingane. Også i år har det vore store problem med forseinkingar og innstillingar etter stengingsperiodane.

Ikkje populært: Busskø i Asker ved årets sommarstenging på Drammenbanen. (Foto: Njål Svingheim)


Det er Samferdselsdepartementet som nå har bede om ein breid gjennomgang av praksisen med sommarstengte banestrekningar, for utan ei nærare redegjøring av problema som har oppstått i samband med gjenopning av strekningane.

I ti år har det vore vanleg praksis å stengje større delar av jernbanen i Oslo-området i om lag seks veker for å kunne gjennomføre større fornyings- og vedlikehaldsarbeider på ein effektiv måte. I samband med gjenopning av strekningane har det dei siste åra vore gjentekne problem i form av innstillingar og forseinkingar trass i at strekningane har vore stengt nettopp for å auke stabiliteten i anlegga. 29.august ga Jernbanedirektoratet ei redegjering om desse problema saman med Bane NOR. Nå skal også heile praksisen med sommarstengte baner. evaluerast.
Innan 10.september skal ein framdriftsplan for ei slik utgreiing liggje føre, og planen skalmellom anna innehalde:

  • Utnyttinga av stengeperioden (samsvar mellom utført vedlikehald og stenging)
  • Behovet for stengte baner i komande vedlikehalds- og utbyggingsprosjekt
  • Mogelegheiter og konsekvensar ved kortare stengingsperioder enn seks veker
  • Erfaringane med buss for tog
  • Førebuingane til oppstart etter stenging
  • Konsekvensar av stengingar for transporten av personar og gods
  • Påverkning av den framtidige utviklinga av person- og godstransporttilbodet
  • Mogeleheita for å tilpasse stegningsperiodane ytterlegare til pendlarane sine behov
  • Kost/nytte -vurdering av eksisterande, eventuelt ny praksis

I dette arbeidet skal direktoratet leggje stor vekt på kundeperspektivet og hente inn synspunkt frå berørte verksemder og organisasjoner.

Vedlegg: Oppdragsbrev frå departementet