Gods: Tilrår grep for meir effektiv kombitransport, innovasjon og betre rammebetingelser

I Jernbanedirektoratet sin strategi for godstrafikken er optimalisering av toglengder utgangspunktet for tiltakspakkane som skal bidra til effektivisering av kombitransporten.

Godstog ved Sel på Dovrebanen. (Foto: Njål Svingheim)

Lengre og fleire kryssingsspor og betre terminalar inngår i tiltakspakkane som skal leggje til rette for effektiviseringa. 

Det er særleg på dei lengre strekningane mellom landsdelane at jernbanen vil ha ei viktig rolle å spela i godstrafikken. Her har jernbanetransport frå før av store marknadsandelar, men er under aukande press særleg frå vegtrafikken. For at jernbanen skal kunne halde fram med og auke sine volum i godstrafikken, er det naudsynt med fleire tiltak for betre lønsemd for godstogselskapa. I utgreiinga frå Jernbandirektoratet vert det særleg peika på behovet for å kunne køyre lengre godstog og betra tilhøve på terminalane. Dette vil vere dei tiltaka som kan gi best effekt på kort sikt. Det er gjort analyser som syner hvilke åtgjerder som gir størst samla nytte for samfunnet for dei ulike strekningane.

Godsstrategien er laga som eit underlag for den komande Nasjonal transportplanperioden frå 2022 til 2033. Heile strategien kan lesast her.

Nokre hovudpunkt for strekningane

Bergensbanen har i dag ein marknadsandel i godstrafikken på om lag 55% mellom landets to største byområde. Her vert det tilråda at strekninga utviklast for ei toglengde på minst 600 meter ved forlenging av kryssingsspor, samt utviding av kapsiteten på Nygårdstangen godsterminal.  

Dovrebanen har i dag ein marknadsandel på om lag 53% av godstrafikken Oslo – Trondheim. Strekninga er under aukande press frå vegtransport grunna stadig betre vegstandard og modulvogntog. For Dovrebanen vert det tilråda ei utvikling for toglengder på minst 600 meter ved forlenging av kryssingsspor. Dette er viktig også for godstrafikken vidare nordover.

Nordlandsbanen er marknadsandelen mellom Trondheim og Bodø i dag på 63%. Sør for Mo i Rana er toglengda allereie i dag på 600 meter og det vert lagt til rette for dette også nord for Mo i Rana innan 2022, i samband med utbygginga av nytt signalsystem. (ERTMS).

Mellom Oslo og Stavanger er det vegtrafikken som har den største marknadsandelen med 58% foran Sørlandsbanen med 37%. Analysene syner her at å auke toglengda til 600 meter ikkje gir like god effekt som på Dovre- Bergensbanen, mykje på grunn av den høge vegstandarden og krevjande topografiske tilhøve på jernbanestrekninga særleg vest for Kristiansand. For Sørlandsbanen vert det derfor tilråde tiltak som gir ei toglengde på minst 450 meter.

Mellom Oslo og Sør-Sverige over Østfoldbanen har banetransport i dag berre ein marknadsandel på 11%, medan 85% går på veg. For Østfoldbanen vil utbygginginga i intercitysamanheng har stor innverknad for godstrafikken. Det vert tilråda ei utvikling for 740 meter lange godstog mot utlandet. Vidare kan strekninga Ski – Sarpsborg over Mysen (austre linje) utviklast for godstrafikk.

Mellom Oslo og Narvik, samt til og frå Midt-Sverige har jernbanen høge marknadsandelar. Til Narvik er den på heile 89%. På Ofotbanen kan det i dag køyrast toglengder på 740 meter og vert tilråda at også Kongsvingerbanen utviklast for dette.

Når det gjeld terminalar så er det særleg viktig at Alnabru godsterminal vert utvikla slik Jernbandirektoratet tilråde i ein rapport tidlegare i år. Der vart det lagt til grunn ei trinnvis utviding av terminalen sin kapasitet for utan ei modernisering.

I tillegg til dei åtgjerdene for kombitrafikken (konteinarar og semihengarar) som her er nemde, så kjem mellom anna tømmerterminalar og tilsvingar for den stadig aukande tømmertrafikken på jernbane.