Jernbanedirektoratet til Arendalsveka 2019
Jernbanedirektoratet arrangerar frukostseminar der jernbanen i framtida er tema tysdag 13 august på Arendalsveka. Staden er Jernbanemuseet sitt tog på Arendal stasjon. Toget, som er eit klassisk stålvognstog med el-lok, sitte- sove- og bistrovogn, vil óg vere opent for publikum på dagtid tysdag 13 og onsdag 14 august.
Arendal stasjon med lokaltog til Nelaug. Under Arendalsveka vert stasjonen vitja av Jernbanemuseet sitt stålvognstog der det mellom anna vert arrangert seminar om jernbanen i framtida. (Foto: Njål Svingheim)
13. august klokka 08.00–09.30 inviterer direktoratet til frukostseminar ombord i toget på Arendal stasjon. Tema er nytenking og innovasjon i jernbanesektoren i lys av jernbanereforma. Samferdselsminister Jon Georg Dale vil opna seminaret. Jernbanedirektoratet, Bane NOR, Norske tog, Entur, Vy, SJ og Go-Ahead vil fortelja om korleis dei jobbar for å skapa ein best mogeleg jernbane i framtida.
Hensikta med dette initiativet er å leggje til rette for at aktørane i sektoren møtest, presenterer og diskuterer dei viktigaste grepa for ein meir nytenkjande og kundeorientert jernbane i framtida, seier jernbanedirektør Kirsti Slotsvik.
Les mer om seminaret her
Målet er óg å marknadsføra Jernbanemuseet og gjera sektoren og direktoratet kjent gjennom å vera eit godt vertskap for deltakarar på Arendalsveka og dei reisande på Arendal stasjon, seier Slotsvik.
Museet vil servere kaffi og vaflar i kafévogna i toget på dagtid 13. og 14. august. Dei vil ha med seg minitoget "Knertitten" som skal køyre på ein liten skjenegang ved Arendal stasjon. Hit er mellom anna SFO-grupper og barnehagar frå Arendalsdistriktet invitert.
Nyrenovert veterantog
Veterantoget som kjem til Arendal og blir der frå måndag kveld og til og med onsdagen, er eit klassisk stålvogntog. Det består av vogner av type B3, BC5, bistrovogn og ei nyrenovert sovevogn, type WLAB. Lokomotivet er eit El13 bygd i 1962, og er óg nyleg ferdigstilt i driftsklar stand att. Arendal hadde for øvreg eige sovevogn av same type som gjekk til og frå Oslo i Sørlandsbanen sine nattog fram til slutten av 1990-talet. Arendal – Oslo var då ei av Europas kortaste sovevognsstrekningar.
Jernbanemuseet si nyoppussa sovevogn blir å sjå i Arendal under Arendalsveka. (Foto: Norsk jernbanemuseum)