Satsar over ein milliard på Gjøvikbanen

Til saman skal det dei næraste åra satsast over ein milliard kroner på Gjøvikbanen. Timesavgangar, kryssingsspor, moderne stasjonar og nytt signalanlegg er blant tiltaka.

Nøgde med satsing: Øystein Gullaksen, dagleg leiar i Vy Gjøvikbanen, Lars Berge, områdedirektør i Bane NOR Aust, og samferdselsminister Jon Georg Dale på Gjøvik stasjon. (Foto: Thor Erik Skarpen, Bane NOR)

Allereie frå ruteendringa i desember får Gjøvikbanen fleire avgangar, med eit nytt tog frå Gjøvik om morgonen og ein ny avgang frå Oslo tidleg på ettermiddagen. I 2022 skal det bli timesavgangar i grunnrute til og frå Gjøvik, noko som betyr om lag dobbelt så mange avgangar som i dag. For å kunne gjere dette skal det gjennomførast ei stor pakke med tiltak langs heile banen, og denne veka vart satsinga markert med mellom anna ei befaring for samferdselsministeren. 

– Vi gjennomfører nå den største satsinga på Gjøvikbanen sidan den vart elektrifisert i 1963, seier områdedirektør Lars Berge i Bane NOR. Innan utgangen av 2022 skal Bane NOR ha gjennomført oppgradering av banen og stasjonane for tilsaman godt over ein milliard kroner. – Nå går vi i gang med å fjerne flaskehalsar og byggje ut kapasiteten slik at det blir plass til fleire tog. Vi innfører óg moderne trafikkstyring mellom Roa og Gjøvik, seier Lars Berge. Dette er også viktige tiltak for godstrafikken på den sørlege delen av Gjøvikbanen. Dei fleiste av godstoga til og frå Bergen går over Gjøvikbanen til Roa og derifrå til Hønefoss og Bergensbanen.

Her er tiltaka

Gjøvik stasjon

Spora blir bygd om for å kunne handtere timesfrekvens. Det byggjast ny  plattform til spor 2, med planfri tilkomst. Spor 3 og 4 får            hensettingsplassar til parkering av fire togsett på inngjerda område. Det byggjast nytt kontaktleidningsanlegg på stasjonen og den klargjerast for signalsystemet ERTMS.

Jaren stasjon
Hensettingskapasitet for seks togsett på 110 meter. Det byggjast to sideplattformar tilpassa lengda på doble togsett. I tillegg blir det ny overgangsbru til plattformane med heiser og trapper. Tiltaka på stasjonen leggjer til rette for at det blir kapasitet til timesfrekvens både for regiontoga til Gjøvik og lokaltoga til Jaren

Movatn og Hakadal stasjonar
Stasjonane byggjast om for å passa lengre togsett og får nye sideplattformar med planfri tilkomst.

Nittedal stasjon og kryssingsspor
Stasjonen byggjast om og kryssingsporet vert forlenga. Stasjonen får to universelt utforma sideplattformar tilpassa doble togsett. Ny overgangsbru med heisar og trapper til plattformane. Forlenging av kryssingsporet gir betre avvikling av togtrafikken. Mellom anna slepp persontog å vente på kryssande godstog. I tillegg blir det mogeleg for to 600 meter lange godstog å krysse på Nittedal.

Monsrud kryssingsspor
Vert forlenga til 1165 meter. Dette aukar kapasiteten på banen, og gjer det mogeleg med kryssing av inntil 740 meter lange godstog. Samstundes byggjast ny undergang for Paradisvegen. Ventast ferdig i 2021.

Reinsvoll kryssingsspor
Nytt kryssingsspor på Reinsvoll er viktig for å etablera ein god og robust ruteplan for timesfrekvens til Gjøvik.

Fjernstyring med ERTMS Roa-Gjøvik
Gjøvikbanen får det nye digitale signalsystemet ERTMS som ein av de første strekningane i Norge. Strekningen Roa-Gjøvik, som i dag har manuell trafikkstyring, blir da fjernstyrt. Det gjer det mogeleg å ha fleire togsett samstundes på strekningen og fleksibilitet til å velje kor toga skal møtast ved forseiningar. I dag er eineste kryssingsmogelegheit mellom Jaren og Gjøvik på Eina, og berre når stasjonen er manuelt betjent. Vegsikringsanlegga vil óg bli oppgradert med ERTMS.

Robustiserande tiltak
Forebyggjande vedlikehald, mellom anna tiltak mot solslyng.

Retningsdrift Brynsbakken i Oslo
Planlagt byggestart er i 2023 for dette prosjektet, som vil betre fleksibiliteten for inngåande og utgåande trafikk mellom Oslo S og Hovedbanen, Gardermobanen og Gjøvikbanen. Dette vil ha stor effekt for togtrafikken på ei tre banaene.

Lenke: Sjå kart med tiltaka her

Satsinga på Gjøvikbanen tyder at det blir timesavganger på banen om få år. (Foto: Njål Svingheim)

Fakta om Gjøvikbanen
Gjøvikbanen er 123,5 kilometer lang frå Oslo S til Gjøvik. Banen går gjennom Nordmarka, over Hadeland til Toten og Gjøvik. Banen åpna i 1902 og ble elektrifisert i 1963.

Det er tre viktige togtilbud på Gjøvikbanen:

  • Lokaltog mellom Hadeland/Nittedal og Oslo.
    • Utgjer 53 % av toga
    • Halvparten av arbeidsreisene Hadeland-Oslo går med tog
    • Åtte av ti arbeidsreiser frå Nittedal til Oslo går med tog
  • Regiontog mellom Gjøvik og Oslo
    • Utgjer 31 % av toga
    • Lav marknadsandel nord for Hadeland, men Gjøvik er likevel nest største stasjon, etter Nittedal som har flest passasjerer
  • Godstog mellom Oslo og Bergen går på Gjøvikbanen via Roa-Hønefoss
    • Utgjer 16 % av toga
    • Forbindelsen over Roa gjer Gjøvikbanen til ein travel strekning sogså om sommaren når Drammenbanen er stengd for oppgradering.
    • Både for persontog Oslo-Bergen og godstog til Stavanger rutes om Gjøvikbanen sommarstid.