Støtteordninga for godstrafikk ESA-godkjend

Støtteordninga for godstrafikk på jernbane er nå godkjend av EU sitt overvakingsorgan ESA. Det tyder at ordninga nå trer i kraft og vert kunngjort for togselskapa.

Samferdselsdepartementet har bestemd å innføra ei  mellombels støtteordning for godstransport på jernbane. Målet er å styrka jernbanen si konkurranseevne fram til tiltaka i godspakka i Nasjonal transportplan 2018-2029 får effekt.

Grunngjevinga for ordninga er særleg dei miljømessige fortrinna jernbanen har som transportform. Støtta skal verke som ein kompensasjon for særlege kostnader godsoperatørane har, og er eit tiltak for å halde oppe nåverande volum og få meir gods på bane ved å styrke selskapa som driv med kombinerte transportar og vognlast.

Jernbanedirektoratet har oppretta ei eiga nettside for ordninga:

www.jernbanedirektoratet.no/godsstotteordning

Godstog på Sørlandsbanen. (Foto: Njål Svingheim)

Godstog på Sørlandsbanen. (Foto: Njål Svingheim)