Korona-krisa: Opptrapping av togtrafikken

Jernbanedirektoratet har i samråd med Samferdselsdepartementet definert målsettinger for ei auke i talet på togavgangar. Togrutene på Austlandet og kring dei store byane vert køyrd etter ordinær ruteplan frå tidleg i mai.

Frå 4.mai vert det køyrd etter normal ruteplan i lokal- og regiontrafikken på mellom anna Austlandet. (Foto: Njål Svingheim)

Det er venta at etterspurdnaden etter togreiser vil auke i takt med gjenåpning av barnehagar og skuler. Ved oppskalering av togtilbodet vert togruter som tener arbeidsreisande og skulereiser prioritert. Dette omfattar i fyrste rad togruter rundt storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. I tillegg er det einskilde lokale ruter for arbeidsreisande som skal takast vare på gjennom regionale togtilbod, til dømes Salten-Bodø, Østerdalen-Hamar og Vestre Agder-Kristiansand.

Togruter som i all hovudsak tener fritidsreisemarknaden har lågare prioritet og turistprega ruter vert ikkje prioritert.

Merk at rådet om å unngå kollektivtrafikk om ein kan framleis gjeld.

I dialog med togoperatørane vart det lagt til grunn følgjande plan for oppskalering av togtilbodet:

  • Frå 27. april vart det køyrd ordinært rutetilbod for lokaltoga på Vossebanen
  • Frå 4. mai vart det køyrd ordinært rutetilbod for alle lokaltog og regiontog på Austlandet
  • Frå 4. mai vart det køyrd ordinært rutetilbod på Trønderbanen
  • Frå 11. mai vart det køyrd fleire avganger på Jærbanen og på  Sørlandsbanen og Arendalsbanen

Togselskapa sine nettsider og app’er vil vere oppdaterte på hvilke tog som går:

Bane NOR har sett i verk tiltak på stasjonane for å redusere smittefara. Dette gjeld til dømes auka reinhald. Same type tiltak blir gjort ombord i toga.

Information in english