Korona-krisa: Opptrapping av togtrafikken

Togrutene kring dei store byane og på Austlandet vert køyrt etter ordinær ruteplan. Det er framleis færre avgangar i fjerntrafikken.

Frå 4.mai vert det køyrt etter normal ruteplan i lokal- og regiontrafikken på mellom anna Austlandet. (Foto: Njål Svingheim)

Etterspurdnaden etter togreiser har auka i takt med at barnehagar og skuler og samfunnet elles vert opna opp att. Togtilbod som tener arbeidsreisande og skulereiser er framleis prioritert. Dette omfattar i fyrste rad togruter rundt storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. I tillegg er det einskilde lokale ruter for arbeidsreisande som skal takast vare på gjennom regionale togtilbod, til dømes Salten-Bodø, Østerdalen-Hamar og Vestre Agder-Kristiansand.

Togruter som i all hovudsak tener fritidsreisemarknaden har lågare prioritet og turistprega ruter vert ikkje prioritert. Det er framleis færre avgangar i fjerntrafikken.

Merk at rådet om å unngå kollektivtrafikk om ein kan framleis gjeld. Togselskapa legg opp til at seter som ikkje skal nyttast for minske smittefara vert merka. Det tyder at om lag halvparten av plassane  toga kan nyttast.

I dialog med togoperatørane vart det lagt til grunn følgjande plan for oppskalering av togtilbodet:

  • Frå 27. april vart det køyrt ordinært rutetilbod for lokaltoga på Vossebanen
  • Frå 4. mai vart det køyrt ordinært rutetilbod for alle lokaltog og regiontog på Austlandet
  • Frå 4. mai vart det køyrt ordinært rutetilbod på Trønderbanen
  • Frå 11. mai vart det køyrt fleire avganger på Jærbanen og på  Sørlandsbanen og Arendalsbanen

Togselskapa sine nettsider og app’er vil vere oppdaterte på hvilke tog som går:

Bane NOR har sett i verk tiltak på stasjonane for å redusere smittefara. Dette gjeld til dømes auka reinhald. Same type tiltak blir gjort ombord i toga.

Information in english