Vellykka opning for både Bane NOR og Vy i Bergen

Søndag 13.desember var det oppstart for Vy sin anbodstrafikk på Bergensbanen og Vossebanen. Samstundes kunne Bane NOR opne for trafikk gjennom den nye Ulriken tunnel. Begge delar gjekk etter planen.

Prosjektsjef Torbjørn Søderholm i Bane NOR i den nye Ulriken tunnel. Tunnelen er landets første som er bora med fullprofilbor (TBM) og der sporet er støypt fast i betongunderlag (fastspor). (Foto Øystein Grue)
 
Det vanka gratulasjonar frå både statsminister og samferdselsminister på dagen då Bergensbanen kunne gjenopnast inn til Bergen stasjon etter omfattande og komplekse anleggsarbeid. Gratulasjonane gjekk til både Vy Tog som hadde oppstart for togtrafikken i Trafikkpakke 3 vest, og til Bane NOR som kunne opne for trafikk gjennom den nybygde Ulrikstunnelen.

På grunn av Korona-situasjonen gjekk markeringane føre seg på digitalt vis.

Kommande tilbodsbetringar
Vy kunne samstundes med trafikkstarten fortelje nærare om planane sine for Bergensbanen og Vossebanen. Det blir ei rekke betringar og fleire avgangar frå desember 2021.

  • Bergensbanen sine fjerntog aukar til seks daglege avgangar. Tilbodet gir ein tilnærma totimersfrekvens på morgon og ettermiddag, samt betre korrespondansar på viktige knutepunkt.
  • Regiontoga Bergen – Voss får fast timesfrekvens.
  • Mange av avgangane mellom Bergen og Voss vert forlenga til Myrdal, slik at alle avgangar på Flåmsbana har korrespondanse til og frå Bergen
  • Fast halvtimesfrekvens på lokaltoga Bergen – Arna
  • Nattoga får eit nytt tilbod i form av ein ny type vogner med plass til seks i kvar kupé. Vognene er kjøpt inn og blir bygde om i Tyskland. Vognene kan på dagtid nyttast som sittevogner med plass for seks i kvar kupé.

Ny infrastruktur
Bane NOR sin opning for trafikk gjennom den 7,8 kilometer lange Ulriken tunnel og delar av nye Arna stasjon tyder at toga no går i det nye tunnelløpet parallelt med det gamle frå 1964. Den gamle tunnelen skal nå gjennom ei omfattande oppgradering før han vert gjenopna for trafikk. Dette skjer samstundes med det kommande dobbeltsporet Bergen – Fløen og at Nygårdstangen godsterminal er modernisert i 2024/25. Då blir det samanhengande dobbeltspor Bergen – Arna og mellom anna kvartersfrekvens i lokaltrafikken.

Videoar:


Les meir om:

Frå 13.desember går toga til og frå Bergen gjennom den nye Ulriken tunnel. (Foto frå Bergen st: Njål Svingheim)

 

Slik blir Vy  sine nattogvogner som kjem tillegg til dagens sovevogner på Bergensbanen. (Illustrasjon: Vy Tog)