Vy vann nattogstrafikken til Narvik

Vy sitt svenske dotterselskap Vy Tåg AB vann anbodet på nattoga mellom Narvik og Stockholm. Vy er med det operatør på Ofotbanen frå desember i år.

 
Stockholmstoget på veg inn i den nye tunnelen på Djupvik kryssingsspor på Ofotbanen. (Foto: Njål Svingheim)
 
Det er meir 20 år sidan daverande NSB avvikla sitt engasjement i Narvik. Ved å vinne det svenske anbodet på nattoga mellom Stockholm og Norrland kjem selskapet attende på Ofotbanen.

- Dette er ein viktig siger for oss, både i Norge og i Sverige, seier konserndirektør Arne Fosen i Vy tog. - No veks vi i den svenske marknaden og vi gler oss til å vise fram tilbodet vi har vunne med. Vi har stor tru på at tilbodet vil trekkje til seg mange ferie- og fritidsreisande både i og mellom Norge og Sverige, seier Fosen.

Det er SJ som har køyrd nattoga til no og kontrakta som Vy nå har vunne gjeld for fire år, med mogelegheit for ytterligare to års forlenging.
Frå før av driver Vy Tåg AB óg regiontogtrafikken i Norrland. Den norske staten har avtale med svenske Trafikverket om at Ofotbanen inngår i nattogtrafikken til og frå Norrland. På Ofotbanen går det eitt gjennomgåande nattog til/frå Stockholm og eitt dagtog til/frå Luleå som har samband med nattog vidare sørover.

 

Utsikt frå Ofotbanen i februar. Turister utgjer hoveddelen av passasjerane på Ofotbanen. (Foto: Njål Svingheim)