Betre bane gir meir gods
Det er nye tider for godstrafikken på Nordlandsbanen. På få år er ei negativ utvikling snudd til vekst, fleire tog og fulle tog. Mykje av årsaka ligg i dugnadskultur, stå-på-vilje og ikkje minst i ein meir robust bane.
Godstoga på Nordlandsbanen er som regel fullsette. Nå vert det jobba med planar for å setje inn enda fleire tog så snart ein kan finne kapasitet på sporet. (Foto: Njål Svingheim)
Det er god stemning på godsterminalen på Fauske. Som det største knutepunktet på Nordlandsbanen for godstrafikken vidare nordover er aktiviteten aukande. Det blir lasta, lossa, stabla og køyrt over ein låg sko.
– Ja, nå er det skikkeleg moro å jobbe med gods på bane att. Som kjent auka vi frå to til tre togpar i kvar retning for vel eitt år sidan. Nå er togparet som regel stappande fullt og vi arbeider for å få på plass enda eit nytt togpar, smiler terminalleiar Håvard Johansen i CargoNet.
Haldningsendringar
Godsterminalen på Fauske vart modernisert og oppgradert så seint som i 2017. Nå er kapasiteten sprengt, og det må større utvidingar til. Denne gongen skjer det som ein del av at heile stasjonsområdet vert bygd om. Neste år får Nordlandsbanen det nye signalsystemet ERTMS. Fauske får samstundes både lengre kryssingsspor, eit tredje gjennomgåande togspor og lengre mellomplattform. Resultatet vert ei dobling av kapasiteten på godsterminalen.
– Vi merkar ei mykje meir positiv haldning til gods på bane hos kundane våre. Eg meiner vi har eit større eigarskap til det vi driv med nå, fortel Håvard Johansen.
Han seier det gjeld heile transportkjeda, frå sjåførane som køyrer til og frå terminalen, via dei som jobbar med lasting og lossing, til lokførarane og dei som har kontakten med kundane. – Alle set æra si i å få systemet til å fungere best mogeleg. Haldningsendringa går òg heilt inn i bedrifter og hos vareeigarar. Det er stadig fleire som ønsker å bruke jernbane òg av miljøomsyn. Grøn frakt har vorte viktig, slår terminalleiaren fast.
Han fortel at CargoNet òg har registrert ei anna haldningsendring lokalt:
– Det er faktisk ein aukande etterspurnad etter å sende gods på kortare distansar. Særleg gjeld dette over Saltfjellet mellom Fauske og Mo. E6 har vore mykje stengd på grunn av uvêr dei siste vintrane, medan jernbanen har vore mykje meir stabil. Derfor utnytter vi nå meir av den ledige kapasiteten nord for Mo slik at vi både lastar og lossar fleire stader undervegs på same tog.
Betre bane gir meir gods
– Frå 2020 til 2022 bruker vi over 1,5 milliardar på betringar av Nordlandsbanen sin nordlege del, fortel områdedirektør Thor Brækkan i Bane NOR. For godstrafikken blir det nå lengre kryssingsspor i Mo i Rana, Dunderland og Bodø, i tillegg til nye og lengre spor på Fauske. Det største løftet er ERTMS-utbygginga som også gjer at det for lengst ferdig bygde kryssingssporet på Røkland omsider kan takast i bruk i 2022, seier Brækkan.
Det blir gjort ei rad andre tiltak på banen for å heve banestandarden i perioden: 39 000 sviller blir skifta kvart år, programmet for betre rassikring blir vidareført, i tillegg til det som blir gjort på fleire av godsterminalane.
– Men vi ser at det er behov for minst eitt nytt kryssingsspor til nord for Mo i Rana, held områdedirektøren fram. Vi har jo hatt eit spor midt oppe på Saltfjellet i planane våre lenge, men utviklinga med meir lokal persontrafikk i Salten og den aukande godstrafikken, gjer at vi må vurdere om vi heller burde satse på eit kryssingsspor mellom Fauske og Bodø først, fortel Brækkan.
Terminalleiar Håvard Johansen i CargoNet (f.v.), områdedirektør Thor Brækkan i BaneNOR og prosjektleiar hos entreprenøren som byggjer ut Fauske stasjon, Marius Eliassen i PK Strøm AS. (Foto: Njål Svingheim)
Heile transporten.
På terminalen på Fauske kjem det stadig vogntog inn nordfrå. Johnny Olafsen driv transportfirma på Fauske og har eit stort CargoNet-skilt på bilane sine:
– Eg synest det er stas å køyre for jernbanen, smiler Olafsen frå førarhytta. Bestefaren min kom frå anlegget på Sørlandsbanen, flytta så hit og var med på anlegget av Nordlandsbanen. Nå køyrer vi veldig mykje fersk fisk frå Steigen til Fauske for å lastast på tog, seier Olafsen. Denne hengaren kom hit med det vi kallar for ASKO-toget, og etter levering til butikkane går turen til Steigen for å hente fersk fisk som blir send sørover.
Lastebileigar Jonny Olafsen leverer enda ein trailerhengar med fersk fisk frå Steigen til terminalen på Fauske for å sendast sørover med tog. (Foto: Njål Svingheim)
Slik går termotransportane fulle i begge retningar og systemet fungerer veldig bra. Håvard Johansen i CargoNet fortel at dei no tek ansvaret for heile transporten, det vil seie heilt frå slakteri til mottakar i Sør-Noreg.
– Lastebilen er heilt naudsynt for å tilby heile transportkjeda, og som knutepunkt blir Fauske stadig viktigare for omlasting mellom bil og bane. Til saman er det nå berre det siste året overført minst 30 000 vogntog frå veg til bane langs Nordlandsbanen.
Nøgde i ASKO
– Vi er veldig godt nøgde med prosjektet så langt. Der vi tidlegare stod i kø på E6 for å kome oss over Saltfjellet har vi nå hatt ein ekstraordinært høg leveringspresisjon i Bodø-området på grunn av stabiliteten på Nordlandsbanen, seier Ståle Thoresen i ASKO Midt-Noreg.
Forsyningstryggleik og matvaretryggleik er forsterka som eit resultat av prosjektet.
– Fiskenæringa er tilfreds med kvaliteten og stabiliteten vi tilbyr ved bruk av jernbane, og prosjektet har bidratt til 20 nye arbeidsplassar på Helgeland og i Bodø, legg Thoresen til.
Vil ha nullutslepp
-Miljøgevinsten i prosjektet er som vi føresåg, men vi ønsker oss framleis eit utsleppsfritt alternativ på Nordlandsbanen. Ambisjonen vår om utsleppsfri distribusjon innan 2026 er framleis levande. Det tyder at Jernbanedirektoratet saman med vareeigarar, produsentar og togoperatørar må sjå på potensial og innovasjon framfor avgrensingar, seier Thoresen.
Konstituert administrerande direktør i CargoNet, Carl Fredrik Karlsen, stadfester at utviklinga på Nordlandsbanen er positiv, og at trafikken har vakse betydeleg:
– Dette er ein viktig del av CargoNets rutetilbod, og vi er til liks med kundane våre svært opptekne av leveransekvaliteten. Volumauken skuldast i all hovudsak overføring av gods frå veg til bane. Auka satsing på godstransport på Nordlandsbanen gir betre konkurransekraft for nord-norsk næringsliv i ein marknad med aukande miljøkrav.
– Vi høyrer om planar for eit fjerde togpar, kva må til for at det skal kunna bli verkelegheit?
– Vi har planar om å fortsetje utviklinga av togløysingar for næringslivet i Nord-Noreg. Vi ser at det går mykje gods på bane til og frå Nord-Noreg i dag, men vi meiner det framleis er mogleg å auke voluma. For å få til dette er det viktig at godstoga blir gitt kapasitet og prioritet på sporet. På investeringssida er det behov for fleire lange kryssingsspor ikkje berre på Nordlandsbanen, men også langs Dovrebanen. I tillegg må det leggast til rette for effektiv terminalhandtering, svarer Karlsen.
På terminalen i Fauske tar dei bokstaveleg talt eit stort løft for godstrafikken på Nordlandsbanen. Her blir enda ein containar løfta frå bil til tog.
Under passerer eit godstog kryssingssporet på Røkland i Saltdal. Dette sporet vert teke i bruk når signalsystemet ERTMS kjem i drift på Nordlandsbanen i 2022. (Foto: Njål Svingheim)