Enklare og billegare å reise med buss og tog i Trondheimsregionen
Frå i haust blir det både enklare og billegare å reise kollektivt i Trondheim og nabokommunane. Toga på Trønderbanen blir fullt integrerte i takstsystemet og samstundes blir det nye og betre rabattordningar. Mange vil få billettprisane kraftig redusert som følgje av den nye ordninga.
To trønderbanetog møtast på Ranheim stasjon (Foto: Njål Svingheim)
-Dette er eit viktig løft for å få fleire til å velje kollektivt i Trondheimsregionen, seier Anne Skolmli, leiar av regional samhandling i Nord- og Midt-Noreg i Jernbanedirektoratet.
-Bakgrunnen for at det nå blir felles billettar og takstsystem, og dessutan betre rabattordningar i kommunane Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal, er det såkalla bompengeforliket i Stortinget og ein tilleggsavtale som vart inngått i mars 2020. Tilleggsavtalen til byvekstavtalen for Trondheimsregionen inneheldt mellom anna 500 millionar kroner til reduserte kollektivtakstar i ein ti-årsperiode.
Det nye takstsystemet gjer at mange togbrukarar får meir enn halvert billettprisane sine og mange bussbrukarar langt billegare billettar enn i dag.
-Det har vorte jobba for å få til ei utviding og inkludera både tog og buss i rute-, takst,- og billettsamarbeidet, sier Skolmli. Samstundes har vi nå oppnådd å utvide den såkalla sone A, det vil seia den indre billettsona, til å omfatte alle desse fire kommunane i byvekstavtale-området. Endringane vart vedtekne i styringsgruppa for Miljøpakke Trondheim 20.august og skal setjast i verk i løpet av hausten.
Nokre punkt frå avtalen:
• Lik pris for tog og buss i Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal. (Det inkluderer f.eks òg tog til og frå flyplassen frå Trondheim til Værnes).
• Aldersgrensa på barnebillett blir utvida heilt til fylte 20 år.
• Varigheita til einskildbillettar blir utvida til tre timar utanom rushtidene.
• Det skal utviklast eit eige billettprodukt mynta på dei som har delvis hjemmekontor slik at det blir gunstig for dei å velje kollektiv dei dagane dei reiser til og frå arbeidsplassen.
SJ Norge, AtB og Entur jobbar nå med å innføre vedtaket, og for å få det nye billettsystemet på plass så snart som mogleg. Som kjent kjem det òg nye tog til Trønderbanen som vil auke både kapasitet og komfort, og det blir planlagt fleire avgangar i regi av SJ Norge.