Liten nedgang i tilfredsheita til togpassasjerane
Jernbanedirektoratet si kundeundersøking syner at togpassasjerane jamt over er godt nøgde med tilbodet, trass i ein liten nedgang i tilfredsheita. I oktober og november svara 6059 togpassasjerar i heile Noreg på spørsmål om kor nøgde dei var med togreisa totalt sett.
Togpassasjerane er jamt over nøgde med togtilbodet, trass i ein liten nedgang i haust. (Foto: Øystein Grue)
I undersøkinga fekk togselskapa totalt ein skåre på 74 av 100 poeng. Det er to poeng mindre enn då tilsvarande undersøking vart gjennomført i august-september.
- Resultatet syner at mange er veldig nøgde med togtilbodet, alt over 70 poeng på kundetilfredsheitsindeksen er eit godt resultat, seier avdelingsdirektør Hanne Bertnes Norli i Jernbanedirektoratet.
Mange driftsavvik i haust
Tidlegare undersøkingar om kva som er den aller viktigaste drivaren for val av transportmiddel, er punktlighet. Viss ikkje toget kjem og går til avtalt tid, har det stor påverknad på kor nøgde passasjerane er.
- Denne hausten har vore utfordrande for jernbanen, med mange driftsavvik særleg rundt Oslo. Dette er truleg årsaka til den vesle nedgangen i den totale kundetilfredsheita, fortel Norli.
Pandemien gir auka tilfredsheit
Pandemien har vore ein spesiell situasjon, og mange av dei reisande har sett pris på at det har vore betre plass i toga i ein lang periode. Då den førre undersøkinga vart gjennomført, var det ingen reiserestriksjonar og fleire valde derfor å reise med toget att.
- Det er sjølvsagt veldig positivt at fleire velger toget, men vi ser òg frå andre kundeundersøkingar at kundetilfredsheita går ned når talet på passasjerar går opp, reisande har kanskje behov for ei litt større komfortsone etter pandemien, seier Norli.
Fakta:
• Jernbanedirektoratet gjennomfører ei kundeundersøking blant togpassasjerar kvart kvartal
• Undersøkelsen omfattar passasjerar hos Vy, Go Ahead og SJ Noreg.
• Undersøkinga blir gjennomført om bord i toga, der passasjerane blir spurde om å fylla ut eit skjema.
Direktør for marknad og samfunn i Jernbanedirektoratet, Hanne Bertnes Norli. (Foto: Øystein Grue)
-----
Kontaktperson:
Kommunikasjonsdirektør i Jernbanedirektoratet, Ruth Høyland Jønsrud tlf 951 83108