Statsbudsjettet: Foreslår å auke tilskotet til godsoverføring
Regjeringa foreslår i tillegget sitt til statsbudsjettet å auke tilskotet til godsoverføring frå veg til bane, det såkalla miljøtilskotet. Det blir òg foreslått å avvikle korona-relaterte støtteordningar til kollektivtrafikken ved årsskiftet.
Eit sørgåande godstog passerer Røkland på Nordlandsbanen. (Foto: Njål Svingheim)
Regjeringa legg ikkje opp til store endringar i det budsjettforslaget som vart lagt fram av Solberg-regjeringa. Der vart det lagt opp til å vidareføre jernbanesatsinga på same nivå som i år, med ei total ramme til jernbaneformål på 31,8 milliardar kroner.
Den nye regjeringa ønsker å auke tilskotet til godsoverføring frå veg til bane med 10,3 millionar kroner i høve til det opphavlege forslaget. -Det er meir klimavennlig å køyre gods på jernbane enn på veg, og derfor er denne ordninga viktig. Dette bidrar òg til å gi godsnæringa på bane føreseielege rammevilkår, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Kollektivselskapa har uttrykt bekymring for lågare passasjertal nå enn før koronapandemien og det bortfallet av inntekter dette fører med seg. Tala for reisande med kollektivtrafikken ligg nå på rundt 75 – 80% av talet frå før pandemien. Vi er kjente med bekymringane til kollektivselskapa rundt dette, men det er krevjande for staten å prioritere å bruke pengar på å halde oppe kollektivtilbodet på eit høgare nivå enn det er grunnlag for, seier samferdselsministeren. – Vi vil sjølvsagt følgje situasjonen nøye framover, seier Nygård.
Lenke: Her kan du lese om forslaget til statsbudsjett for neste år. Det er altså berre pengane til støtteordninga for godsoverføring frå veg til bane som er endra.
For perioden 1.juli 2020 - 30.juni 2021 vart det utbetalt i alt 90 millionar kroner gjennom denne ordninga. Det vart utbetalt støtte for 2,35 milliardar tonnkilometer fordelt på seks togselskap.