Høyring om Ålgårdbanens framtid

Spørsmålet om Ålgårdbanen framleis skal vere ein del av det nasjonale jernbanenettet er no på høyring. Jernbanedirektoratet har fått Norconsult til å utarbeide ein fagrapport som tek for seg konsekvensane av ei mogleg gjenåpning av banestrekninga.

Figgjo tidlegare stoppestad på Ålgårdbanen. (Foto: Njål Svingheim)

- Bakgrunnen for Jernbanedirektoratet si utgreiing av den vidare framtida til sidebanen, er Bane NOR si oppmoding frå 2019 om å ta Ålgårdbanen ut av det nasjonale jernbanenettet, forklarer Morten Sageidet i Jernbanedirektoratet - Regional samhandling sør/vest. Det betyr at Jernbanedirektoratet gjennom dette prosjektet skal ta stilling til om det er grunnlag for framtidig persontrafikk på Ålgårdbanen.

Ålgårdbanen er ein sidebane til Jærbanen frå Sandnes til Ålgård, der det ikkje har vore persontrafikk sidan 1955. I fagrapporten er reisetida med tog for strekninga Ålgård – Ganddal berekna til 12 minutt, og Ålgård – Stavanger til 33 minutt. Det er lagt til grunn tre togstopp for strekninga; Figgjo, Kongeparken og Ålgård. Det er utarbeida sju tilbodskonsept for banen, og desse er tilpassa den planlagde utviklinga av Jærbanen. -For alle tilbodskonsepta er det gjort utrekningar av investeringskostnader, kapasitet, marknadsgrunnlag og samfunnsøkonomiske analysar, seier Sageidet.

Den samfunnsøkonomiske analysen presentert i fagrapporten viser at alle sju tilbodskonsepta vil ha ein vesentleg negativ nytteverdi for samfunnet. Anslåtte investeringskostnader vil for tilbodskonsepta ligga mellom 1,66 og 2,14 milliardar kr.

Vedlegg:

Høyringsbrev om Ålgårdbanen

Rapport om Ålgårdbanen