Tildelingsbrev for 2022

Jernbanedirektoratet har motteke tildelingsbrev frå Samferdselsdepartementet for 2022. I tildelingsbrevet blir måla for jernbanesektoren i 2022 trekte opp og korleis Jernbanedirektoratet skal arbeide for å nå desse nærare definert.

Godstrafikk i vekst: Sørgåande godstog ved Midtsand på Nordlandsbanen. Direktoratet skal i 2022 mellom anna greia ut eventuelle nye tiltak for å styrke godstrafikken på bane. (Foto: Njål Svingheim)

Det overordna målet for transportpolitikken er eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i 2050.

Det er fastsett følgjande mål for transportsektoren i NTP 2022 – 2033:
• Meir for pengane
• Effektiv bruk av ny teknologi
• Bidra til oppfyllelse av Norges klima- og miljømål
• Nullvisjon for omkomne og hardt skadde
• Enklare reisekvardag og auka konkurransekraft for næringslivet

For 2022 inneheld tildelingsbrevet både ei konkretisering av måla og eit oversyn over prioriterte leveransar som skal gjennomførast. Som vanleg blir det varsla òg at nye oppdrag vil kome i form av supplerande tildelingsbrev.

Vedlegg: Tildelingsbrev for 2022

Se også:
Supplerende tildelingsbrev nr 1 - 2022 

Supplerende tildelingsbrev nr 2 - 2022

Supplerende tildelingsbrev nr 3 - 2022

Supplerende tildelingsbrev nr 4 - 2022

Supplerende tildelingsbrev nr 5 - 2022

Supplerende tildelingsbrev nr 6 - 2022