Tildelingsbrev for 2023

Jernbanedirektoratet har fått tildelingsbrev frå Samferdselsdepartementet for 2023. I tildelingsbrevet blir måla for jernbanesektoren i 2023 trekt opp og korleis Jernbanedirektoratet skal arbeide for å nå desse nærare definert. Det overordna målet for transportpolitikken er eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i 2050. 

Betre handtering ved avvik og betre informasjon er eit prioritert område i 2023. (Foto: Njål Svingheim)
 
Det er også fastsett følgjande mål for transportsektoren:
  • Meir for pengane
  • Effektiv bruk av ny teknologi
  • Bidra til oppfylling av Noregs klima- og miljømål
  • Nullvisjon for drepne og hardt skadde
  • Enklere reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet. 
Viktige mål i 2023
I tildelingsbrevet trekkjer også departementet fram desse måla som særleg viktige i 2023:
  • Direktetildele togtilbodet som ikkje er konkurranseutsett innanfor rammene av gjeldande regelverk, slik at tilbodet kan tildelast innan 25. desember 2023
  • Handtere og styre risiko knytt til mellom anna kraftig kostnadsvekst, forseinkingar av leveransar og utrulling av ERTMS. Som ein del av dette, -utvikle eit betre risikostyringssystem for sektoren samla sett
  • Koordinere og følgje opp arbeidet med driftsstabilitet og avvikshandtering
  • Bidra til Samferdselsdepartementets arbeid med Nasjonal transportplan 2025–2036 og gjennomgangen av jernbanesektoren.
Vedlegg: