Norsk fagskole for lokomotivførere

Norsk fagskole for lokomotivførere, eller Lokførerskolen, utdannar lokomotivførarar i samsvar med kompetansebehovet til sektoren. Vi tilbyr ei attraktiv yrkesframtid for studentane våre, og ei unik yrkesretta utdanning med gode moglegheiter for trygg jobb.

Sidan 2005 har lokomotivførarutdanninga vore lokalisert i Jernkroken på Grorud i Oslo som ein del av Norsk jernbaneskole. Frå 1. januar 2019 vart Norsk jernbaneskole overført til Bane NOR, medan lokomotivførarutdanninga vart verande i Jernbanedirektoratet.

Lokførerskolen holder til i Jernkroken på Grorud. (Foto: Rune Fossum)

Fagskole

Lokførerskolen er ein offentleg godkjent fagskule som utdannar lokomotivførarar til heile landet. Vi er den einaste fagskule for lokomotivførarar i landet. Fagskuleutdanning har ei viktig rolle i samfunnet då den er utvikla i nært samarbeid med arbeids- og næringslivet for å sikra behovet deira for oppdatert og spesialisert kompetanse. Utdanninga gir 60 studiepoeng, og strekker seg over eitt år.

Moderne pedagogiske metodar

Lokførarskolen tilbyr ei moderne opplæring som vekslar mellom teori og praksis. Vi har eit stort simulatorsenter og bruker fleire digitale hjelpemiddel i undervisninga. Det er viktig for oss at studentane er deltakarar i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa. Studentane gir fagskulen gode tilbakemeldingar gjennom Studiebarometeret og andre evalueringar.

Skulen sitt øvingsanlegg

Vi gjennomfører teoriundervisninga i lokala til skulen i Jernkroken på Grorud i Oslo. Studentane øvingskøyrer i tog omtrent halve studietida. På området til fagskulen har vi eit fullt motorvognsett, fullskala simulatorar, ERTMS-simulatorar, virtuelle briller, modelljernbane og andre anlegg. Praktisk skifteopplæring blir gjennomført på jernbanestasjonar i Austlandsområdet.

Godt samarbeid med sektoren

Lokførarskolen er avhengig av eit godt og nært samarbeid med jernbaneføretaka. Føretaka melder inn behova sine for tilsettingar av lokførarar årleg. Slik kan vi sørga for eit tilstrekkeleg tilfang av utdanna arbeidskraft for å dekka behovet til samfunnet utan at studentane våre risikerer arbeidsløyse. Skulen leiger inn instruktørar og køyrelærarar frå jernbaneføretaka for å dekka delar av undervisninga, og for å sikra nærleik til bransjen og fagleg utvikling. Dette blir gjort gjennom direktekjøpsavtalar og konkurranseavtalar, og dessutan frivillige avtalar. Lokførarskolen arrangerer årlege brukarmøte med bransjen, og inviterer til arbeidsgrupper innan ulike emne i utdanninga.

Fokus på sikkerheit og kvalitet

Skulen er godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) i samsvar med Lov om høgare yrkesfagleg utdanning (Løyve 2018-06-08-28). Opplæringsplanen bygger på Forskrift om sertifisering av førarar av trekkraftkøyretøy på det nasjonale jernbanenettet (førarforskrifta) (FOR-2009-11-27-1414) og Nasjonal standard for utdanning for sertifisering av trekkraftkøyretøy på det nasjonale jernbanenettet, fastsett av Jernbanedirektoratet. Utdanninga inneheld ulike emne; førarbevis, køyretøy, infrastruktur og praksis. Kandidatane skal ha god forståing for den høge prioriteringa av trafikktryggleiken på jernbana, og lokomotivførarfaget sitt særlege ansvar. Sikkerheit er grunnleggande knytt til kompetansen og dugleiken til føraren.

Meir informasjon: www.lokforerskolen.no

Vitjingsadresse:

Østre Aker vei 256 (Jernkroken), 0976 OSLO
Telefon: 990 99949
E-post: post@lokforerskolen.no

Studenter i simulatorsenteret på Lokførerskolen. Foto: Rune Fossum