Årsrapport for Jernbanedirektoratet 2017
Jernbanedirektoratet legg med dette fram si første årsrapport etter at jernbanereforma tok til å gjelda 1. januar 2017.
Året har båra preg av å vera eit etableringsår der nye system og samhandlingsrutinar skulle falla på plass. Ein viktig aktivitet i 2017 har vore Jernbanedirektoratet sitt arbeid med offentlege kjøpsavtalar og konkurranseutsetting av trafikkpakkar. Arbeidet med kjøpsavtalane med NSB og NSB Gjøvikbanen har vore krevjande, men det vart oppnådd semje ved utgangen av februar 2018.
Trafikkpakke 1 Sør vart kunngjord som føresett 12. oktober 2017 med tilbodsfrist 1. mars 2018. Det har vore stor interesse frå tilbydarar. Forholdet mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR blir regulert gjennom fire ulike avtaletypar.
Til saman er det i 2017 inngått avtalar for om lag 56 mrd. kroner.