Jernbanedirektoratet Nyheter Årsrapport for Jernbanedirektoratet 2022

Årsrapport for Jernbanedirektoratet 2022

Sjølv om 2022 på mange måtar var eit krevjande år for jernbanen, prega av både pandemien og svak driftsstabilitet, var det også eit år der mange reisande opplevde store forbetringar i togtilbodet.

Nye tog med auka kapasitet og høgare komfort vart tatt i bruk. Fleire jernbaneprosjekt vart ferdigstilte i samsvar med plan, og nye togtilbod har kome til for å møte transportbehovet til næringslivet. Sistnemnde har bidrege til at godstransporten på bane auka også i 2022.

I direktoratet har vi i 2022 jobba med å vidareutvikle oss som ein profesjonell og krevjande kjøpar, sett i gang prosessar for å sikre betre koordinering av ulike innsatsfaktorar på jernbanen, og ført vidare eit godt samarbeid med annan kollektivtransport. I tillegg har vi følgt opp det viktige arbeidet med høg tryggleik på jernbanen, og bidrege til at klima- og naturmiljøomsyn og sårbarheit mot klimaendringar, blir tatt omsyn til gjennom utvikling av jernbanetilbodet, og gjennom drift og vedlikehald av eksisterande infrastruktur.

Les årsrapporten

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.