Infrastrukturmodell – ei digital beskriving av jernbana

Ein infrastrukturmodell gir ei detaljert digital beskriving av jernbana sin funksjonalitet på sporplannivå. Det er laga fleire slike modellar for å gje att både infrastrukturen i dag og i framtida. Modellane er tilgjengelege for alle i webapplikasjonen NorRailView.

Desse funksjonelle infrastrukturmodellane blir hovudsakleg brukte som:

  • Inngangsdata i planlegging av tilbodsutvikling og analyser av robustheit (simulering)
  • Sikring av samanhengen mellom infrastrukturutvikling, togtilbod og togmateriell (dimensjonering)
  • Rutemodellering for tilbodsutvikling trafikkpakkar.
  • Grunnlag for avtalar om finansiering av infrastrukturprosjekt, t.d. nytt signalsystem

Dersom modellane blir ønskte brukt i anna programvare, kan dei enkelt eksporterast til railML2.4nor-format frå NorRailView.

Sjå og last ned modellane på NorRailView:

Hovudmodel I19

Hovudmodell for kommande år blir tilgjengeleg seinare.

Modellane kan innehalda feil, og dei bør berre behandlast som rettleiande informasjon.

Utgjevar kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle feil, skadar eller tap som følgje av feil i opplysningane.

Offisielle versjonar av modellane vil i framtida bli tilgjengelege i Bane NOR sitt system TRASÉ (https://trase.banenor.no/).