Norsk jernbanemuseum

Norsk jernbanemuseum vart etablert i Hamar i 1896 – 42 år etter at den første, norske jernbanestrekninga blei åpna. Museet har ei unik samling frå norsk jernbanehistorie.

Sidan 1896 har Norsk jernbanemuseum (NJM) hatt som oppgåve å dokumentere jernbanen si historie i Norge og dens rolle for utviklingen av det norske samfunnet. Det er ett av verdens eldste jernbanemuseer og de første årene var museet kun tilgjengelig for ansatte i jernbanen. Museet ligger i Hamar, kanskje jernbanebyen fremfor noen i Norge, og ett av arnestedene for landets statsbaner. 

Vår store og flotte museumspark med er et kjennetegn som fremdeles skiller vårt museum fra andre jernbanemuseer.

Museet er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum. Museet samler inn, forsker, formidler og stiller ut materielle vitnesbyrd om mennesket og dets omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.
Norsk jernbanemuseums ansvar omfatter den samlede jernbanevirksomheten.

Hovudutstillinga

“På sporet av reisa” tek deg med på ei kort reise gjennom norsk jernbanehistorie. Her kan du blant anna sjå ei kongevogn, studere modelljernbaner av sju norske landskap, bli kjend med NSB si reisebyråverksemd, gå inn i gamle jernbanevogner for ei musikk-, poesi- eller filmoppleving og prøve deg på forskjellige aktivitetar. I leikekroken får bornas fantasi fritt spelerom med leik og læring.

Museet har eit pedagogisk tilbod for barnehagar og skuleklassar.

Friluftsmuseet

Norsk jernbanemuseum har ein stor og vakker park med stasjonsbygningar, ein voktarbustad, to hallar med eit utval av lokomotiv og vogner, historisk skinnegang og signalanlegg, med meir. Stasjonsbygningane og hallane er opne i sommarsesongen.

I perioda juni til medio august køyrer det smalspora museumsdamptoget "Tertittoget" (750 mm spor) gjennom parken. Minitoget "Knertitten" køyrer i skuleferien og helgar i juni og august.

Om sommaren er det enkel servering i restaurantvogna frå 1911.

Biblioteket

Biblioteket er eit spesialbibliotek for norsk jernbaneverksemd og kultur, og består av dokument om jernbanehistorie, banestrekningar, stasjonar, arkitektur, rullande materiell, anleggsarbeid, ansatte i jernbanen med meir. Biblioteket er opent for alle interesserte og har fine lokale i 2.etg. i museet si hovudbygning. Utlån frå samlinga er begrensa, men besøk til biblioteket er gratis.


Biblioteket er opent tirsdag til torsdag kl. 10.30–14.30 , og ved enkelte arrangement. Biblioteket er feriestengd i juli. Ring gjerne før du planlegg eit besøk. Besøk utanom opningstid kan gjerast etter avtale.

Telefon: 40 44 88 80
E-post: biblioteket@norsk-jernbanemuseum.no
Databaser for bibliotek, foto og gjenstandar

Søk i museet si database kan gjerast gjennom museet si heimeside.

Fotosamlinga

Fotosamlingen omfatter et stort antall bilder, fra rundt 1860 og frem til i dag. Samlingen dokumenterer jernbanens anlegg og drift i Norge. Kopier av bilder kan bestilles.

Søk i databasen for foto og gjenstandar:  https://digitaltmuseum.no/owners/NJB/info

 Tel: (+47) 40 44 88 80. Epost:  foto@norsk-jernbanemuseum.no

Museumsbutikken

Norsk jernbanemuseums butikk har eit godt utval i bøker, DVD-ar, leiker, suvenirar og andre artiklar med tog og jernbane som tema. Her finn du gåva til den som har alt! Varer kan og bestillast gjennom nettbutikken.

Bli medlem i Jernbanemuseets Venner!

Medlemskapet kostar kr. 250,– per år (kr. 200,– for NJK-medlemmer). For dette får du årboka gratis og fri adgang til Norsk jernbanemuseum heile året.

Du kan melde deg inn ved på sende ein e-post til vennene@jernbanemuseum.no på museet si nettside eller når du vitjar museet.

Kort historikk:

  • 1896 - Norsk jernbanemuseum opna i Hamar stasjonsbygning, etter initiativ frå Norges Stationsmesterforening. Eigd av Norsk Hovud-jernbane og Statsbanene.
  • 1903 - opna for vanleg publikum.
  • 1912 - stengt fordi lokala hadde vorte for tronge og fordi samlingane etter kvart hadde vorte komplettert med rullande materiell i full storleik og stasjonsbygningar.
  • 1914-25 - museet pakka ned, og praktisk talt nedlagt.
  • 1930 - nyopna friluftsmuseum på Disa bydel i Hamar, med tre stasjonsbygningar, litt skjenegang, vognremissar med rullande materiell og nokre signalmaster.
  • 1946 -  NSB overtok museet, og det fekk namnet NSB Jernbanemuseet.
  • 1956 - nyopna friluftsmuseum i Rosenlundvika, ved sidan av Domkirkeodden. Starten på musset slik det er i dag.
  • 1962 - «Tertittoget» kom i drift, og har gått nesten kvar sommar sidan.
  • 1996 - museet feira 100 år. Delinga av NSB 1. desember 1996: Museet vart då ein del av det nye Jernbaneverket, og tok attende det opphavlege namnet; Norsk jernbanemuseum.
  • 2000 - byggestart nytt museumsbygg.
  • 2003 - opning av første byggetrinn.
  • 2006 - overtar Martodden (tidlegare Hamar Camping), og startar utviklinga av området.
  • 2017 - eigen etat under Jernbanedirektoratet.
  • 202? - start av bygging av andre byggetrinn.

Direktør for museet: Eirik Kristoffersen.

Talet på tilsette: 22. 

Talet på vitjingar: ca. 25 000 pr. år.

Viktige målgrupper: Skuleklasser/barnehagar, jernbaneentusiastar, turistar (både norske og utanlandske), barnefamiliar, den utvida «jernbanefamilien».

 

Postadresse: Postboks 491, 2304 Hamar. 

Vitjingsadresse: Strandveien 161, 2316 Hamar.  
      
Tel: +47 40 44 88 80blobid0.png 
Epost: post@norsk-jernbanemuseum.no.

Museet si internettside: http://www.norsk-jernbanemuseum.no/.