Analysar og metodeutvikling

For å finna gode løysingar på transportbehov i samfunnet, må vi som jobbar i Jernbanedirektoratet bruka metodar og analyseverktøy frå mange ulike fagområde. Desse metodane og verktøya er spesialutvikla for problemstillingar som rører heile transportsektoren, spesielt jernbanen.

Jernbanedirektoratet bruker mellom anna analyseverktøy som bereknar korleis straumen av reiser eller gods vil endra seg dersom vi forbetrar togtilbodet (transportmodellar). Vi har òg verktøy som blir brukte til å planlegga det framtidige togtilbodet, og for å sikra at det er samanheng mellom infrastrukturen og togtilbodet (ruteplanleggingsverktøy og trafikkmodellar).

Ein jernbane for framtida

Jernbanedirektoratet har ulike metodar for å sjå langt inn i framtida. Prognosar er veldig viktig i dette arbeidet, men vi bruker òg andre spennande metodar, som scenarier og backcasting for å handtera uvisse om korleis framtida vil bli (framsynsmetodikk).

Jernbanen er eit komplisert system – både fordi den teknisk sett er veldig samansett og fordi han skal levera tenester i samspel med eit anna kompleks system: Samfunnet. Derfor er det ofte nødvendig å gjera faglege analysar av særskilde problemstillingar som rører jernbanen, til dømes køyrevegsavgift på jernbanen.