Byvekstavtalar

Transportutviklinga i byområde står sentralt i Jernbanedirektoratet sitt arbeid. Byvekstavtalar er gjensidig forpliktande avtalar mellom staten, fylkeskommunar og kommunar for å nå målet om at veksten i persontransporten i storbyområda skal handterast av kollektivtransport, sykling og gonge.

Frå Fredrikstad stasjon. (foto: Njål Svingheim)
Bytransport er eit satsingsområde i perspektivmeldinga til, skal bidra til å sikra betre framkomelegheit samla sett, og særleg ved å legga til rette for attraktive alternativ til privatbil.

 

Forhandlingane om byvekstavtalar blir leidde av Statens vegvesen, men Jernbanedirektoratet arbeider òg aktivt med å greia ut innhaldet og inngå desse avtalane.

Vi greier mellom anna ut grunnlaget for utvikling av jernbanen i byområda, slik at jernbanen blir ein godt integrert del av det samla transportsystemet. Det går føre seg arbeid med å inngå byvekstavtalar for dei fire største byområda Osloregionen, Bergensregionen, Trondheimsregionen, og Nord-Jæren.

For dei mindre byområda vert det signert bymiljøavtalar. Dette gjeld Kristiansandsregionen, Buskerudbyen, Grenland, Nedre Glommaregionen og Tromsø. Det er ikkje avklart når ein vil starte eventuelle byvekstavtaler med desse byområda.