Strategiar
Jernbanens infrastruktur held lenge. Med godt vedlikehald kan tunnelar vare i over hundre år, og skjener kan vare i opp til 50 år. Difor er det veldig viktig at vi utviklar jernbanen med eit langsiktig perspektiv i tankane.
Frå bygginga av Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebanen. (Foto: Njål Svingheim)
Jernbanedirektoratet har laga ein perspektivanalyse som ser på utviklinga av jernbanen mot 2050, og konkretisert dette i ein langsiktig jernbanestrategi. Desse inngjekk i Jernbanedirektoratet sitt arbeid med Nasjonal transportplan (2018–2029).
Jernbanedirektoratet lagar også andre strategiar som binder saman mange utgreiingar og tiltak i ein samla strategi. Dette er viktig då vi kanskje må gjere tiltak i heilt forskjellige delar av landet for å forbetre tilbodet for kundane. Til dømes kan det hende at vi må gjere tiltak på ein godsterminal på Austlandet (slik som Alnabru), på godsterminalen i Trondheim og på Dovrebanen for å kjøre fleire og lengre godstog mellom Oslo og Trondheim. Samstundes vil kryssingstiltak på Dovrebanen kunne være nyttige for tømmertoga som går derifrå, via Solørbanen og over til Sverige. Våre overordna strategiar set alle slike omsyn inn i ein samla plan. Ein av dei viktigaste av desse er godsstrategi for jernbanen for perioda 2018–2029.