Strategiar og utgreiingar

Jernbanedirektoratet analyserer behovet til kundane for reiser og varetransportar i dag og i framtida. Målet er å utvikla jernbanen for å møta behovet i samfunnet for transport. Desse løysingane er beskrivne i strategiane og utgreiingane våre.

Strategihorisontar

Kvart fjerde år leverer Jernbanedirektoratet og dei andre transportetatane eit fagleg grunnlag for Nasjonal transportplan (NTP) til Samferdselsdepartementet. I dette grunnlaget set vi saman utgreiingane våre, strategiar og annan kunnskap til éin overordna strategi. Når Stortinget har handsama regjeringa si meldinga om NTP, lagar vi eit handlingsprogram som følgjer opp rammer og mål som blir sett i NTP.