Strategiar

Jernbanens infrastruktur held lenge. Med godt vedlikehald kan tunnelar vare i over hundre år, og skjener kan vare i opp til 50 år. Difor er det veldig viktig at vi utviklar jernbanen med eit langsiktig perspektiv i tankane.

Fra byggingen av Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebanen. (Foto: Njål Svingheim)

Fra byggingen av Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebanen. (Foto: Njål Svingheim) 

Jernbanedirektoratet har laga ein perspektivanalyse som ser på utviklinga av jernbanen mot 2050, og konkretisert dette i ein langsiktig jernbanestrategi.  Desse inngår i Jernbanedirektoratets arbeid med Nasjonal transportplan (2018–2029).

Jernbaneverket lagar også andre strategiar som binder saman mange utredningar og tiltak i ein samla strategi.  Dette er viktig då vi kanskje må gjere tiltak i heilt forskjellige delar av landet for å forbetre tilbodet for kundane.  For eksempel kan det hende at vi må gjere tiltak på ein godsterminal på Austlandet (slik som Alnabru), på godsterminalen i Trondheim og på Dovrebanen for å kjøre fleire og lengre godstog mellom Oslo og Trondheim. Samtidig vil krysningstiltak vi gjer på Dovrebanen kunne være nyttige for tømmertoga som går derfrå, via Solørbanen og over til Sverige. Våre overordna strategiar set alle slike hensyn inn i ein samla plan. Ei av dei viktigaste av desse er godsstrategi for jernbanen for perioda 2018–2029.