Godsstrategi for jernbanen

Effektive, pålitelege, sikre og miljøvennlige godstransportar er ein føresetnad for eit konkurransedyktig næringsliv og ei god samfunnsutvikling. Jernbanen har her ei sentral rolle å spele, spesielt på transport av gods over lengre strekningar.

Godstog passerer Myrdal på Bergensbanen. (Foto: Njål Svingheim)
Godstog passerer Myrdal på Bergensbanen. (Foto: Njål Svingheim)

Godsstrategien legg opp til ei breiare satsing på gods enn kva som har vore tilfelle dei siste åra. Satsinga vert retta mot særskile områder kor det eksisterer eit klart marknadsbehov for jernbanen sine tenester og kor det er kommersielt grunnlag for å utvikle eit konkurransedyktig togtilbod:

• Kombitransporten – raskt sikre konkurransedyktige løysningar
• «Industrigods» - få «industrigodset» attende på jernbane
• Skognæringa – utvikle fremtidsretta løysningar for skognæringa
• Internasjonale godsstrøymer – betre linjer til Sverige og Europa

Marknaden etterspør ein meir fleksibel og dynamisk jernbane som i større grad kan konkurrere med lastebil. Åtgjerder må settast i verk for å løyse opp i flaskehalsar og skape nye mogelegheiter. Jernbanenettets totale funksjonalitet og kapasitet kan aukast betydeleg ved å utvikle eksisterande infrastruktur i kombinasjon med å etablere ny infrastruktur på strategiske stader. Ved målretta å utvikle jernbanenettet for å gjere det meir fleksibelt og sømlaust går vi frå «linjer» til «nettverk».
For å kunne få til dette er godsstrategien bygd opp rundt fire hovedelement av åtgjerder:

• Ein påliteleg og punktleg jernbane
• Kapasitet og effektivitet i framføringa
• Tilgjengelige og effektive terminalar
• Eit utvida og samakobla nettverk