Handlingsprogram

Kvart fjerde år lagar vi eit handlingsprogram som følgjer opp rammer og mål som blir sett i Nasjonal transportplan.

Når Stortinget har handsama regjeringa si melding til Stortinget om Nasjonal transportplan, følgjer Jernbanedirektoratet opp med å laga eit handlingsprogram. I handlingsprogrammet prioriterer Jernbanedirektoratet prosjekt og tiltak ut frå økonomiske rammevilkår, mål og strategiar fastsett i Nasjonal transportplan. Handlingsprogrammet er eit viktig verktøy for å styra og prioritera budsjetta til jernbanesektoren i åra som kjem.


Siste planforslag gjeld for perioden 2018-2029. Handlingsprogrammet for same periode vart fastsett i juli 2018.

Lenke: Fastsett handlingsprogram 2018-2029 finn du her

Lenke: Samferdselsdepartementet sine sider om Nasjonal transportplan

Jernbanedirektoratet vil under sitt arbeid med grunnlaget for NTP 2022 - 2033 samle rapportar og utgreiingar for sin del av dette arbeidet på sine nettsider.