Nasjonal transportplan (NTP)

Nasjonal transportplan (NTP) er ein plan for korleis ein skal arbeida i retning av det overordna og langsiktige målet i transportpolitikken: Eit transportsystem som er sikkert, fremmar verdiskaping og bidrar til omstilling til lågutsleppsamfunnet. NTP gjeld for 12 år, men blir revidert kvart fjerde år.

NTP presenterer transportpolitikken til regjeringa. Planen blir handsama i transport- og kommunikasjonskomiteen, som legg innstillinga si fram for Stortinget.

Før ein ny Nasjonal transportplan skal lagast, gjennomfører transportverksemdene (Avinor AS, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier AS og Statens vegvesen) ei rekke utgreiingar. Utgreiingane dannar grunnlaget for arbeidet til regjeringa med Nasjonal transportplan. 

Det er Nasjonal transportplan 2018–2029 som er den gjeldande NTP. Les meir om han her. Neste NTP, for 2022–2033, er under utarbeiding. Stortingsmeldinga skal leggast fram av Samferdselsdepartementet i 2021.

Frå januar 2019 vert arbeidet med NTP organisert på ein ny måte. Som ein del av grunnlaget for NTP 2022–2033 får verksemdene faglege oppdrag. Nærare omtale av endringane er gjeve i brev av 11. januar 2019 frå Samferdselsdepartementet. Oppdraga blir fortløpande lagde ut på denne sida.

Politisk handsaming

Regjeringa presenterer transportpolitikken gjennom meldinga om Nasjonal transportplan som blir lagd fram for Stortinget. Meldinga frå Samferdselsdepartementet dannar grunnlaget for handsaminga i Stortinget.

Gjennomføring etter handsaming i Stortinget – handlingsprogram 

Handlingsprogramma er gjennomføringsplanar for Nasjonal transportplan. Når Nasjonal transportplan er ferdig, utarbeider transportverksemdene kvart sitt handlingsprogram for dei fire første åra av planperioden. Handlingsprogramma blir lagde til grunn ved dei årlege budsjettforslaga.

Les meir om jernbanesektoren sitt handlingsprogram her.