Høyringar

For Jernbanedirektoratet er det viktig å fange opp kva behov dei som blir berørt av våre tiltak har. Ved gjennomføring av ei konseptvalutgreiing (KVU) skal interessentar – både personar og organisasjonar, kunne medvirke i arbeidet. Etter utgreiinga er gjort, leggast den ut til offentleg høyring, slik at moglege og aktuelle interessentar kan gi tilbakemelding.

Det sendast normalt ut ein formell høyringsinvitasjon, men alle interessentar kan gi innspel innan høyringsfristen – også dei som ikkje har vore involvert i utgreiinga på eit tidlegare tidspunkt. Når fristen har gått ut, vil alle innspel bli samanstilt og om nødvendeg kommentert, før dei overleverast til oppdragsgjevar. Høyringsuttalelsane utgjer, saman med KVU-rapporten og den etterfølgjande eksterne kvalitetssikringa (KS1), oppdragsgivers grunnlag for beslutning om konsept og eventuell vidare planlegging etter plan- og bygningslova.

Det gjennomførast også offentleg høyring for andre sentrale strategidokument, slik som Handlingsprogrammet for jernbanesektoren, og for utvalde utgreiingar der det er behov for tilbakemelding frå andre. På denne sida finn du informasjon om aktive høyringar.