Utgreiingar

Jernbanedirektoratet jobbar kontinuerleg med å greia ut den vidare utviklinga av jernbanen. Utgreiingane har fokus på å finna gode løysingar på transportbehovet i ein geografisk marknad. Jernbanedirektoratet startar ofte utgreiingane med å sjå på kva som er behovet i samfunnet for transport i det aktuelle området. Deretter kartlegg vi moglege løysingar, og vurderer desse opp mot kvarandre.

(Illustrasjonsfoto: Njål Svingheim)

Dei viktigaste typane utgreiingar som Jernbanedirektoratet gjennomfører er konseptvalutgreiingar (KVU-ar) og utgreiing av nye rutemodellar. KVU-ane har ofte ei ganske brei tilnærming. Dette fordi dei skal vurdera om det er andre transportmiddel, jernbane i samarbeid med andre transportmiddel, eller berre jernbane som er den beste løysinga. Utgreiing av nye rutemodellar har ei meir detaljert tilnærming til utvikling av tilbodet på jernbanen, og er viktige for å sikra at alt som skal til for å levera det nye tilbodet heng godt saman.

På dei følgjande sidene kan du finna informasjon om utgreiingar som Jernbanedirektoratet jobbar med for tida, eller som er ferdige i nyare tid. Her vil du òg finna informasjon om kor langt i prosessen utgreiingane har komme. For utgreiingar som er ferdige, vil du òg finna informasjon om kvalitetssikring av utgreiinga (KS1), og kva avgjerd som er fatta på bakgrunn av utgreiinga.

Se også: Liste over alle publikasjoner fra Jernbanedirektoratet