KVU nytt fjerntogmateriell

Jernbanedirektoratet tilrår at det blir skaffa nye tog til fjerntrafikken mellom landsdelane. I løpet av fem år bør halvparten av dagens tog erstattast av nye tog og i løpet av ti år bør alt fjerntogmateriell vere skifta ut.

Fjerntog med B7-vogner. Sammen med sovevognene (WLAB2) er det disse det haster aller mest med å skifte ut. (Foto: Njål Svingheim)

Fjerntog med B7-vogner. Saman med sovevognene (WLAB2) er det desse vognene som det hastar meist med å byte ut. (Foto: Njål Svingheim)

For å sikra ein stabil togpark som skal handtera etterspurdnaden etter fjerntogreiser mellom landsdelane er det naudsynt å gå til innkjøp av nye tog. Jernbanedirektoratet har no ferdigstilt ei konseptvalutgreiing (KVU) for nytt fjerntogmateriell. Rapporten er laga i samarbeid med Norske tog som eig togmateriellet, og med Bane NOR for å sikra at alle behov vert sett i samanheng. I tillegg er togselskapa, togbrukarar, interesseorganisasjonar og fagforeiningane trekt med i arbeidet. Rapporten konkluderer med at det no er naudsynt å gå til innkjøp av nye tog og at dagens fjerntogmateriell bør erstattast av ein einskapleg togtype. Det blir òg tilrådd at det blir skaffa materiell i eit volum som gjer det mogeleg med fleire avgangar. Slik kan  den nye fjerntogparken møta ein auka etterspurdnadl etter lange togreiser i perioden fram mot 2035.

Bakgrunnen er at store delar av dagens fjerntogmateriell har avgrensa restlevetid og bør erstattast i løpet av fem år. Dette gjeld halvparten av dagens vogner, og alle sovevognene. Resten av fjerntogparken består av materiell av ulike typar, der alle har det til felles at dei vil nå den forventa levetida si i løpet av ein tiårsperiod.

Rapporten om nye fjerntog er laga etter metodikken som blir brukt i konseptvalutgreiingar (KVU-metodikk) og bygger delvis på eksisterande rapportar, der særleg fjerntogstrategien og Konseptvurdering av moglege nattogkonsept har vore sentrale.
Resultata frå ei kvalitetssikring av KVUen, KS1, vil komma i 2020.

Sjå òg:
Rapport: KVU Nye fjerntog

Informasjon frå Norske tog as